Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Kunsten å feige ut

Date:
19.06.2014
Characteristic:
Expedition

Etter fjellsportkurs samt nokre klæbbturar til Tikneppen med kilesett og godt mot var eg og Andreas klar for større utfordringar. Det var på tide å setja kilane i nytt fjell. Aktuelle turmål vart diskutert fram og attende og valet landa etterkvart på Trænstaven, som virka som ein litt brattare klyvetur. Klokka tikka sakte mot ferie torsdag, og litt over fire var vi på vegen nordover. Med bagasjen full av potetgull, kaffe og CDar var vi klar for road trippin'. Etter ein heller kjip burger Stjørdal bar det vidare, gjennom Nord-Trøndelag (Snåsa - Gjeeesp!). Vidare gjennom Nordland (Majavatn - Gjeeesp!). Gillian Welch sang søtt om å drøyma ein motorveg heim til deg, og etterkvart kom vi oss til Mosjøen. Etter ein liten beinstrekk ned Sjøgata og ein bagett på ein bensinstasjon var >>>

Map     4 comments

Ekspedisjon Storheia

Date:
10.02.2013
Characteristic:
Expedition
Duration:
4:39h
Distance:
22.7km

Med februar kom det også endeleg realt skiføre i Trondheim. Realt skiføre og strålande vær, det er ikkje ein kombinasjon ein ofte ser her i byen. Det var difor med lange blikk mot bymarka eg gjekk til jobb denne veka. Det tok ikkje lenge før planane om å få gjennomført ein av dei klassiske ekspedisjonane i Bymarka var lagde; nemleg å toppe ut Storheia. Som reale ekspedisjonsmenn var vi ut av senga før fuglen feis, og i tolvtida var sekken full av kvikk lunsj, nistepakke og kaffi. Med eit godt lag blåswix under skia stod vi der og kika litt skeptisk på barnskirenn (Sverresborgrennet, eller noko slikt..), og lurte på om den hardaste delen av ekspedisjonen skulle bli å tråkle seg gjennom folkemengden og ut i den "orntlege villmarka". Nesten ute av barnskirennlabyrinten >>>

Map    

Advertisement