Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (5)
- Bouldering (2)
- Ice climbing (1)
- Sport climbing (1)
- Via ferrata (1)
-
Other trip (2)
- Expedition (2)
-
Ski trip (8)
- Backcountry skiing (5)
- Randonnée/Telemark (3)
-
Trip by foot (23)
- Alpine trip (1)
- Hike (16)
- Hillwalk (3)
- Walk (3)
Favourite trips
Favourite peaks
Påskeklassiker nr.1 i Skjåk: Skridulaupen
- Date:
- 30.03.2013
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 6:34h
- Distance:
- 23.8km
Skridulaupen, kanskje den mest klassiske av alle påsketurar i Skjåk. Merkjeleg nok har eg aldri gått denne turen. Så denne påska hadde eg stygge planar om å få skvisa inn denne klassikaren i turprogrammet som eit passe tillegg til monsterturen Gråhø. Eg forhøyrte meg litt rundt om nokon ville vera med og fleire viste interesse, men av ulike årsakar var Pappa den einaste som stod igjen når dagen rann. Vi hadde alle intensjonar om å kosa oss på tur, og ingen intensjonar om å springa som gale på toppen. Så i passe behageleg morgontid sette vi oss i bilen og kjøyrde til Grotli. Framme på Grotli fann vi fort ut at vi ikkje var dei einaste som hadde tenkt oss ut i fjellet denne dagen. Det var trongt om plassen på parkeringsplassane. Kanskje ikkje så merkeleg med tanke på at dei >>>
Påsketur til Gråhøe
- Date:
- 26.03.2013
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 11:24h
- Distance:
- 36.7km
Gråhøe, Løyfthøe, eller berre tjugefjorten? 2000-meters toppa i "mitt" fjellområde er så anonym og bortgjøymd at ein ikkje eingong er sikker på om den har eit navn. Denne vesle haugen som så vidt har krafsa seg over 2000 meter ligg godt gjøymd blant andre meir prangande fjellformasjonar som sin navnebror Gråhøa, det utkjende Stammåhjulet og den langt kvassare Skarvedalsegga. Men det var altså til Gråhøe vi skulle. Vi har prata om det i lengre tid, og no var påska og den fastsette datoen her, så det var berre å pakka sekken og førebue seg på langtur. Rundt klokka 9 om morgonen var vi klar ved Billingen seter, der graderstokken synte -18. Sjølv om vi gleda oss til at sola skulle renne, kjentest det langt i frå så kaldt ut. Så vi la på fellene og byrja å labbe >>>
Topptur til Ruten
- Date:
- 10.03.2013
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 4:18h
- Distance:
- 10.8km
Tidleg sundag morgon koka eg kaffi og smurte nistepakke, vi skal på topptur til Ruten i Hemne. Etter ein vinter med heller skuffande treff på tidspunkt for fri og føre for nedoverski var det endeleg klart for årets fyrste orntlege topptur. Når eg kjika på graderstokken lurte eg eigentleg litt på kvifor eg ikkje berre hadde rulla meg over og sove berre "eeeein time til". Nei, her var det berre å hoppe rett i ullundertøyet og pakke balaclava og ekstra lag med fleece i sekken. Skyssen kom og den halvannen times lange bilturen til Hemne var ikkje stort å fortelja om. Heimdal, Buvika, Børsa, Orkanger, Hemne! Her var det -17 og i skuggesida. Vi satt lenge i bilen og kvia oss for å gå ut. Telemarksstøvlane blei dratt på under tronge kår i baksetet. Fellane blei dratt på, >>>
Påsketur til Loftet
- Date:
- 08.04.2012
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
"Vi skulle på påsketur!" Nokre tradisjonar er eldgamle. Andre er av relativt ny dato. Min nyaste tradisjon er å koma meg over 2000 meter i løpet av påska. Det er vel eigentleg ein draum eg har hatt sidan eg og Onkel Per gjekk rundt Tverrådalskyrkja, og toppa ut Søre Tverrådalskyrkja ei påske (eg må finne ut årstal for denne turen, trur det var ein gong på 90talet..). Påska 2012 var eg i alle fall i gang, og eg håpar at om eg ikkje greier å koma meg over 2000 kvar påske, at eg i det minste får ein skikkeleg topptur i det minste. Påska 2013 var det altså Loftet som stod for tur. Loftet er jo ein særs klassisk topptur for alpinski. Førhaldsvis grei oppstigning, og eit skikkeleg javnt og langt renn ned utan særleg daudtid. Vi dura avgarde ganske tidleg oppover Bøverdalen >>>
Topptur til Storhornet
- Date:
- 27.02.2010
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
Denne vintern hadde eg kjøpt meg orntleg telemarkutstyr for fyrste gong. Tidlegare spede forsøk på alpinkjøyring har vore i det vesle trekket på Grotli med atomic-plankar og lærstøvlar. No hadde tida endeleg kome for å testa utstyret på "orntleg" topptur. Storhornet er vel anbefalt som nybyrjartoppa over alle her i midt-Norge. Så vi bila i veg ganske tidleg laurdagsmorgon, sidan vi skulle på konsert (og eg skulle ha vors..) om kvelden. Vel framme ved parkeringa var det strålande vær og vi blei gode og gira i kropp og sinn. Vi la iveg oppover med stor iver og glede. Fint føre oppover skogen og eit godt stykke oppover fjellet. Etterkvart byrja nye skistøvlar å gnaga på hælen, og gnagsår kombinert med at været slo litt om og det blei godt med vind og snødrev rundt >>>
Storivilen
- Date:
- 12.06.1995
- Characteristic:
- Backcountry skiing
Skuletur med ungdomsskulen. Som avslutningstur før sommarferien kunne vi velja mellom ein sykkeltur med grilling i Aura, eller topptur til Storivilen. Eg og ein liten gjeng til valde det litt meir fysiske og ambisiøse målet. Sett bort i frå Galdhøpiggen er nok dette min fyrste orntlige topptur. I alle fall den fyrste toppturen som krevde litt fysikk og uthaldanheit. Ein kan vel difor seia at mi toppturkarrierre starta med denne turen! Gjekk opp lia frå Lundagrenda med skia på sekken, opp til Lendhytta og forbi. Oppe ved breen tok vi på oss skia og gikk opp med feller. Flott vær og lang utsikt heilt til Vågåvatnet, og forbi.