Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

I haven't joined any lists yet.

Pinsetur til Gjerdekollen

Date:
20.05.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
3:00h
Distance:
11.4km

Steikjande sol! Då var det greitt å ta oppstigninga frå Riksheimdalen og opp gjennom Gaddeskogen som ligg i skugge mesteparten av dagen. Var ganske sikker på at det skulle gå greitt å gå den vegen då eg har gått den på ski før. Var raskt oppe på flata der eg fann ein bra sauerås som førte rett til toppen. Fjøre til fjells hadde vore der og plassert ei fjøl, noko som vil føre til at Gjerdekollen blir godt besøkt i år, noko som toppboka (som også er nytt) kunne bekrefte. Valgte å gå ned mot Straumsheim og for ein gongs skuld fann eg råsa, som var merka godt....På Straumsheimsætra traff eg ei som venta på resten av reisefølget sitt, dei skulle også opp til kollen. Og litt lengre nede traff eg på ikkje mindre enn to andre reisefølger med Gjerdekollen som mål. Like >>>

Map    

Skopphornet mai 2013

Date:
18.05.2013
Characteristic:
Snowshoe trip
Duration:
4:00h
Distance:
10.5km

Lenge sidan sist eg var over 1000moh, så det var vel på tide! Eg la avgårde heimeifrå kl 1345 etter å ha brukt morgontimane på å leite etter solkrem. Det var 25 grader ute så antrekket blei shorts og t-skjorte. Det blei tidlig klart at snøsmeltinga var godt igang då eg såg Tverråna kaste seg nedover skogen i voldsom støy og sprut! Oppe ved skoggrensa delte elva seg i fleire løp nedover småkrattet. Snøen dekte delvis elveløpa og krattskogen var tett der det ikkje var snø, så løysinga på det problemet var å balansere seg opp midt i elveløpa og håpe eg ikkje tråkka gjennom. Det gjekk bra med unntak av ein gong, men eg slapp å få skoa fylt med vatn. Det skulle dei bli på returen i stadenfor. Snart var eg på tørt land i steinura på Erstadfjellet og kunne uten vidare >>>

Map    

morgontur på Tjønesfjellet

Date:
15.05.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
1:00h
Distance:
2.5km
Map