Skarddalseggje og Rauddalseggje (13.07.2013)
Ascents | Midtre Rauddalseggje (2,016m) | 13.07.2013 |
---|---|---|
Store Rauddalseggje (2,168m) | 13.07.2013 | |
Skarddalseggje (2,159m) | 13.07.2013 |
Etter å ha vore på Ymelstind og Storjuvtind i lag med Øyvind Brekke so tok eg farvel med han ved Leirvassbu og traska innover i retning Øvre Høgvagltjønnet. I austenden av dette vatnet har eg ein "fast" teltplass, der eg no har budd 4 netter.
Eg vakna av tromming på teltduken og vind...so då var det berre å sove videre. Rundt kl.11 hadde det slutta å regne, og eg la i veg mot Rauddalsbandet. Eg passerte sør for 1812m-høgda, og sklei på snøen/breen ned til Skarddalen. Eg sikta meg inn på lavaste punktet mellom Store og Midtre Rauddalseggje, og traska oppover snøen. Det var bratt, seigt og tungt...spesielt med bein som var sure etter gårsdagens lange tur. Eg la att sekken på "bandet", og besteig enkelt begge toppane. Skylaget som tidlegare på dagen låg lavt, hadde no åpna seg...og eg fekk nyte den flotte utsikta som Øyvind hadde skrytt av. Han overnatta på toppen to dager tidligere. Returen gjekk raskt ned breen. I ettertid har eg sett flyfoto av breen, og eg hadde nok ikkje bevegd meg på den om eg hadde sett dei bilda før turen...
Vidare gjekk turen langs Skarddalsvatnet, og her likte eg meg veldig godt. Borte var den grove ura fra øverst i dalen, og det var lettgått med små bølger på vatnet som skvulpa mot land. Elvekryssinga i austenden gjekk fint, og då var det på tide med matpause før oppstigninga mot Skarddalseggje. Starten av egga var litt kronglete på enkelte partier, men egga var veldig bred, so omgåelser hadde vore mulig. Det gjekk veldig seint oppover, men eg kom meg til topps. Opphaldet på toppen vart ganske kort, både på grunn av litt usikkert vær i vente, og litt tvil om korleis nedturen via nordegga kom til å bli. Den viste seg å gå heilt fint, og etter litt var eg på veg mot vestenden av Langvatnet. Returen tilbake til Øvre Høgvagltjønnet var lang etter ein lang dag, og då eg var framme var det deilig å stupe rett ned i mosen utenfor teltet :)
User comments
Bresprekker
Written by knutsverre 24.09.2013 13:34Vurderer tur dit i helgen. Du gikk over to breer, først ned fra Rauddalsbandet og så breen som går opp til sadelen mellom de to toppene. Regner med at det er på den siste du har sett sprekker på flyfoto. Noe spesielt sted du vil advare mot?
Sv: Bresprekker
Written by JPV100 26.09.2013 16:24Det stemmer, breen ned fra Rauddalsbandet virket harmlaus. Eg merka ingen sprekker eller farer på veg opp den andre breen heller, men ein tenker jo sitt når ein går på ein bre... Det kan nok vere lurt å halde seg på venstresida oppover, og eg trur ein fint kan gå i ura/på sva til venstre for breen. God tur, håper du får ein bra tur!