Svånåtind-Langvasstind-Bruri (25.08.2013)
Ascents | Bruri (2,001m) | 25.08.2013 |
---|---|---|
Store Langvasstinden (2,085m) | 25.08.2013 | |
Langvasstinden V2 (2,025m) | 25.08.2013 | |
Vestre Langvasstinden (2,046m) | 25.08.2013 | |
Søre Langvasstinden (1,970m) | 25.08.2013 | |
Storstygge-Svånåtinden (2,209m) | 25.08.2013 | |
Nørdre Svånåtinden (2,004m) | 25.08.2013 | |
Visits of other PBEs | Snøheim (1,474m) | 25.08.2013 |
Eg og Marianne tok bussen til Snøheim fredag kl.19. Det var mange folk som skulle innover, og to busser var stappfulle. 5 moskus vart observert frå bussen. Vel framme på Snøheim satte vi kursen mot Svånådalen. Vi fulgte den merka T-ruta innover dalen. Vi såg ein svær reinsflokk, samt 5-6 moskuser i området nord for Maribu. Etter å ha passert Innaste Svånåkollen fann vi oss ein flott leirplass like nord for det vesle vatnet på høgresida. Her hadde vi flott utsikt mot morgendagens turmål.
På laurdagen la vi i veg mot Storstygge-Svånåtind. Det gjekk fint oppover ura, og den øverste og brattaste delen av egga nærma seg fort. Vi var litt spente på korleis egga var, men den viste seg å vere enkel, iallefall i dag som det var knusktørt. Vips var vi på toppen!
Vi tok ein liten matbit og prata med to andre som kom rett etter oss, før vi satte kursen nordover langs egga i retning Langvasstindane. Denne ryggen består av veldig mykje stein og ur, men vi syntes det var veldig lettgått, og det tok ikkje lang tid før vi var på veg oppover siste biten mot Vestre Langvasstind. Hammaren som stenger vegen vidare var ei utfordring, men det er mulig å klyve ned både midt på og litt ut til høgre. Eggen ut til Store Langvasstind bød på ingen utfordringer, og toppen bød på svært flott utsikt mot Larstind og Snøhettamassivet. Vi hadde på førehand sett oss ut å returnere til Svånådalen via austeggen sør for Vestre Langvasstind. Dette viste seg å vere heilt problemfritt, men det kan lønne seg å følge med på dei små vardane nedover.
Etter ein lang marsj smakte det godt med Real turmat ved teltet, og vi vart liggande utanfor teltet og nyte siste rest av sola. Då kvelden kom fann vi fort ut at vi ville sove ute.
Etter ei fin natt under åpen himmel vakna vi utkvilte og var klar for ein tur til Bruri. Vi var veldig spente på den lause ura oppover, men vi klarte å finne brukbare løysingar der vi unngjekk dei lausaste partia. Blant anna fulgte vi eit langt parti utan ur oppover mot ein markert hammer omtrent midt på egga. På returen fulgte vi egga nesten heilt ned til lavaste punktet, før vi skråa tilbake. Her fulgte vi omtrent kanten mellom ur og sva, og kom oss greit ned til breen. 2-3 meter innpå isen var det trygt og veldig enkelt å gå, og turen tilbake til teltet gjekk raskt unna. Da var det berre å pakke i hop, og kome seg til Snøheim for å ta bussen kl.15.30.
User comments
Trivelig tur
Written by Øyvindbr 27.08.2013 18:56I motsetning til den jeg var med på. den var mer legendarisk enn direkte trivelig...:) Dette så ut som en bekymringsløs tur hvor man koser seg underveis hele tida, og skyene der kom jo ikke før på kvelden. Dovre hadde det bedre enn Jotunheimen ser jeg.
Storstygg-Svånådalen var en av fjorårets perler for meg.