Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Stigbott-traversen

Datum:
14.09.2014
Tourlänge:
6:59h
Entfernung:
12,4km

Veldig fin tur i lag med Øyvind og Helene! Tett skodde i starten, men etter at vi kom over skodda vart det strålande solskinn og shorts. Avslutta turen med eit forfriskande bad i Alnesdalen!

Karte    

Ny tur til Romsdalshornet via normalvegen

Datum:
13.09.2014

Borgar, ein tidlegare kollega frå Ål i Hallingdal, nevnte for ei tid tilbake sidan at han var meget interessert i ein tur på Hornet. Denne helga passa det bra, ikkje minst med tanke på vermeldinga. Øyvind hadde som vanleg lyst til fjells, og han tok også turen oppover frå Drammen. Det var ein spent gjeng som la i veg oppover ura kl.8. Omtrent halvegs oppi bratta valgte vi å ta fram tauet. Borgar har vore på Stetind, men har elles ganske lite klatreerfaring. Eg følte dessutan eit stort ansvar, sidan eg var kjentmann og "førar", og det var derfor ingen vits i å bære tauet i sekken... Vi gjekk på løpande sikring oppover, og det gjekk unna i bra tempo. Før innsteget til Halls renne tok vi lunsj. Øverst i Halls renne tok vi dagens første taulengde. Eg leda opp, og sikra >>>

Romsdalshornet via normalvegen

Datum:
10.09.2014

Eg har høyrt mykje om normalvegen opp Halls renne, og eg var heldig som fekk med meg ein lokalkjent kollega frå Isfjorden til å vise meg vegen opp. Først og fremst var eg spent på å finne ut kor vanskeleg ruta er, men eg ville også rett og slett lære meg kvar ruta går. Vi starta i godt driv og framdrifta oppover ura var god. Etter ura er det ei blanding av sti og sva, og her viser raude prikkar vegen vidare. Vi nærma oss raskt den gule flekken, og her skråa ruta opp til venstre mot Halls renne. Før innsteget til renna tok vi ein matbit, og nøt utsikta. Nesten øverst i renna tok vi fram tauet, og Jo leda opp det korte partiet opp til skaret mellom Hornet og Lillehornet. Frå skaret tok vi ei ny taulengde mot toppen. Jo leda an, og eg kom raskt etter. Vi ankom toppen etter 2 timar >>>

Klatring på Litlefjellet

Datum:
07.09.2014
Karte    

Store Venjetinden

Datum:
06.09.2014

Endeleg var det Marianne sin tur til å oppleve Vengetinden! Vi starta frå Vengesdalen kl.8, og såg at det allereie var andre foran oss. Vi gjekk jevnt og trutt oppover, og såg at toppen nærma seg meir og meir. Vi hadde pakka med tau og utstyr, men dette fekk vi aldri bruk for. På toppen etter 3 timar og 10 min. Satt der ein god time før vi starta på den lange turen ned.

Skarfjellet Nord

Datum:
05.09.2014
Tourlänge:
4:04h
Entfernung:
13,6km

Ettermiddagstur frå Strupen. Jogga inn til Alnessteinen. 1t og 47min til toppen.

Karte    

Litlefjellet klatrefelt

Datum:
04.09.2014
Karte    

Storgrovfjellet

Datum:
03.09.2014
Tourlänge:
3:27h
Entfernung:
9,3km

Ettermiddagstur til Storgrovfjellet. Starta ved Trollstigplatået, og fulgte merka sti i retning Stabbeskaret. Etterkvart tok eg av til venstre og gjekk rett på sak. Fin temperatur, men litt grått. Frå toppen var det førsteklasses utsikt mot Trolltindane og nedover Isterdalen!

Karte    

Moanebba

Datum:
02.09.2014
Karte    

Litlefjellet klatrefelt

Datum:
01.09.2014

Eg og Marianne måtte prøve det (for oss) nyoppdaga klatrefeltet på Litlefjellet.

Karte