Archive - Date
Archive - Activity
-
Other trip (2)
- Kayaking (2)
-
Ski trip (10)
- Backcountry skiing (5)
- Randonnée/Telemark (5)
- Trip by foot (40)
Peakbook-Friends
Rikjendbotn rundt
- Date:
- 30.03.2013
- Characteristic:
- Backcountry skiing
Startpunkt for turen var der vegen mot Overøye krysser Stavåna. Derfrå fulgte eg skogsveg oppover og tenkte å gå via Josætra (Jasvollsætra), men eg havna for høgt so turen gjekk via Moheia. Derfrå tok eg sikte på Rikjendskaret og fulgte ryggen opp til toppen av Benkene. Ryggen vidare i retning Storbotnshornet er bred og fin. Eg hadde lyst oppom nevnte topp, men den såg litt vanskeleg ut, spesielt pga snøen. Derfor skar eg rett over til skaret mellom Storbotnshornet og Sandegga. Herfrå var det hard og vanskeleg snø opp til Sandegga som var høgaste punktet på turen. Vidare fulgte eg Sandegga mot sørvest og hadde flott utsikt mot Sandfjellet og panoramaet mot Sunnmørsalpane bakom den. Nedstigningen frå Sandegga Sør var svært bratt og litt trøblete på ski (med klabbete feller). >>>
Ådalstinden
- Date:
- 28.03.2013
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 5:00h
Frå parkering innerst i Seljebotn gjekk eg først eit par hundre meter forbi siste garden, og rett etter eit granfelt strauk eg rett til skogs. Det vart mykje baksing i den tette bjørkeskogen, men etter å ha kome opp på snaufjellet gjekk det mykje lettare. Her var det ein del spor både opp og ned, og det var eit fantastisk påskever. Utsikta åpna seg meir og meir, og blant anna Stordals høgaste topp, Seljebottstind markerte seg på motsatt side av Seljebotn. Det var litt lett snøver på deler av indre Sunnmøre i dag, men på Ådalstind var det stort sett sol heile tida. Frå toppen såg eg rett ned på dei enorme folkemengdene i skiløypa mellom Overøye og Storvatnet. Etter å ha vore på toppen ein god time tok eg turen bortom Storhornet, noko som eg sterkt kan anbefale. Her ser >>>
Sju Hellstugutopper
- Date:
- 24.03.2013
Eg og Øyvind Brekke dro inn til Spiterstulen på laurdag og campet på høgd 1353 moh under Hellstuguhøe. Dagen etter gjekk vi opp egga til Hellstuguhøe og videre bort til Midtre Hellstugutind. Litt ekkelt på enkelte partier langs egga, mest pga snøen. Flott, men slitsom nedkjøring over breen.