Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Olaskartinden

Date:
28.07.2013

Eg parkerte øverst i Venjesdalen, og fulgte sti som går opp forbi Hornvatnet og vidare mot Halls renne. Der svaene starter tok eg til venstre opp i botnen og kryssa den vesle elva og fortsatte på sti i retning Olaskarvatnet. Litt før vatnet tok eg mot høgre, og peila meg inn rett på nordegga mot Olaskartind. Eg var litt usikker på korleis egga var, men hadde lyst å gi den eit forsøk. Egga viste seg å vere litt bratt enkelte steder, men det var berre snakk om klyving og eg kom meg greit opp. Oppe på øverste del av egga skråa eg nedover mot Hornaksla. Fantastisk utsikt ned til Romsdalen og over mot Trollveggen/Trolltindane. Vidare var det enkelt opp til Olaskartind, der det var veldig fin utsikt innover mot Svartevatnet og Kalskråtind. Returen gjekk ned mot Olaskarvatnet på austsida >>>

Map     5 comments

Hågen

Date:
28.07.2013
Map    

Store Venjetinden

Date:
25.07.2013

Denne toppen har eg utsikt til frå huset vi bor i, og derfor har eg hatt veldig lyst å kome meg på den sidan vi flytta hit 1.juni. I dag tok eg fri kl.14, og satte kursen mot Venjesdalen. Parkerte ved enden av vatnet, fylte opp vannflaskene, og satte i gang oppover. Første etappen går rett og slett ut på å gå ca 1000 høgdemeter oppover. Først langs ei slags ravine, og etter kvart inn i ei renne som fører opp til ryggen på ca 1500 moh. Eg var usikker på den nøyaktige ruta vidare, so eg satte meg ned og spiste litt mat og studerte nokre andre som var på veg ned. Etter å ha prata med dei fekk eg vite at det beste var å gå over ryggen og litt ned i sørsida. Her var det enkelt eit stykke oppover, før eg kom opp att på ryggen litt lenger oppe - der svaene oppover starter. Herfra >>>

Map     2 comments

Skarfjellenden

Date:
23.07.2013
Map    

Store Trolltinden

Date:
20.07.2013

Vi starta frå Trollstigsenteret, og fulgte godt merka sti i retning Stabbeskaret. Rett etter Frokostplassen tok vi av til venstre, og sikta på Bruraskaret. Til dels ur og laus grus bortover her, men ingen problem å ta seg fram. Ved Bruraskaret starter The Troll Highway, ein meir eller mindre tilrettelagt sti langs hyller. Veldig moro å gå her. Enkelte steder var det litt luftig, men heller ikkje her er det problemer med å ta seg fram. Siste biten mot toppen går opp to ulike renner. Her er det litt laust, og klyving opp vått berg...men ingen uoverkomelege hinder. Pass på å følg den raude merkinga over i den neste renna (til venstre). Siste opptaket før ein er på toppegga kan vere litt vanskeleg; her må ein klyve opp over ein stein. Det kan vere litt utfordrande, og ei hjelpande >>>

Map     2 comments

Skarven

Date:
18.07.2013
Map    

Skarddalseggje og Rauddalseggje

Date:
13.07.2013

Etter å ha vore på Ymelstind og Storjuvtind i lag med Øyvind Brekke so tok eg farvel med han ved Leirvassbu og traska innover i retning Øvre Høgvagltjønnet. I austenden av dette vatnet har eg ein "fast" teltplass, der eg no har budd 4 netter. Eg vakna av tromming på teltduken og vind...so då var det berre å sove videre. Rundt kl.11 hadde det slutta å regne, og eg la i veg mot Rauddalsbandet. Eg passerte sør for 1812m-høgda, og sklei på snøen/breen ned til Skarddalen. Eg sikta meg inn på lavaste punktet mellom Store og Midtre Rauddalseggje, og traska oppover snøen. Det var bratt, seigt og tungt...spesielt med bein som var sure etter gårsdagens lange tur. Eg la att sekken på "bandet", og besteig enkelt begge toppane. Skylaget som tidlegare på dagen låg lavt, >>>

Map     2 comments

Storjuvtind og Ymelstind

Date:
12.07.2013

Map    

Geite

Date:
11.07.2013

Map    

Aksla

Date:
09.07.2013
Map