Archive - Date
Archive - Activity
-
Other trip (2)
- Kayaking (2)
-
Ski trip (10)
- Backcountry skiing (5)
- Randonnée/Telemark (5)
- Trip by foot (40)
Peakbook-Friends
Søndagstur i Isfjordsfjella
- Date:
- 27.10.2013
- Duration:
- 5:37h
- Distance:
- 18.5km
Eg starta ved skytebana i Isfjorden og jogga rolig oppover mot Loftskardsætra. Dette er ei merka DNT-rute til Måsvassbu via Loftskaret, so her er det lett å finne fram. Då eg kom til sætra såg eg at det var lite kratt oppover, og bestemte meg for å gå forlate stien og gå rett mot Galtåtind. Oppe på toppen blåste det litt, men temperaturen var veldig fin for årstida. Egga vidare mot Loftskartind var fin og totalt uproblematisk. Vidare gjekk turen ned til Knollskaret og rett opp mot Måsvasstind, som vart høgste punktet på turen. Etter eit par ned- og oppturer til stod eg til slutt på dagens siste topp, Såta. Dette var den spissaste, men også denne var heilt uproblematisk å kome seg på. Kortaste veg tilbake til sivilisasjonen var no via Breidvikvatnet- og sætra, og terrenget >>>
Grisetskolten
- Date:
- 20.10.2013
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:29h
- Distance:
- 7.8km
Eg og Marianne møtte Helene Helene85 (Helene Hagen) i Innfjorden og køyrde oppover mot Griset og Skallen. Siste partiet går på grusveg, men det er ingen bomveg, og heller ingen parkeringsavgift. Det var kjølig luft, og frost på bakken då vi starta å gå ca kl.10.30. Etter eit par hundre høgdemeter møtte vi snøen, men det hadde gått folk her dagen før og trakka sti til oss. Ved Førnakken kom vi inn i solskinnet, og no vart det raskt veldig varmt og behagelig! Så snart ein er ute av skogen deler stien seg, og vi gjekk mot venstre. Vi fulgte opptrakka sti, men då vi nærma oss toppen syntes vi stien gjekk litt vel mykje mot stupet på vestsida...så vi antok at det hadde vore basehopparar som hadde gått her. På toppen vart vi møtt av ei storslagen utsikt utover Romsdalsfjorden, og snudde vi oss såg >>>
Middagsfjellet
- Date:
- 06.10.2013
- Duration:
- 3:20h
- Distance:
- 14.4km
Eg starta innerst i Erstaddalen og jogga innover i retning Saufonnholet. Dette er eit svært bratt skar, med utlagte kjettingar og andre sikringar oppover. Ein bør egentlig gå fort her, for det er ekkelt å sjå opp på den stupbratte fjellveggen rett over...og ein veit kanskje aldri når det kan kome ein liten stein nedover...? Vel oppe kom eg først til Saufonnvatnet, og like etter Middagsvatnet. Ved begge desse vatna ligg det hytter som tilhøyrer Hen fjellstyre, men som er åpne for alle. Her finn ein ovn, ved, gass, sengar, og ellers det ein treng til ei fin overnatting. Turen vidare opp til Middagsfjellet var enkel, og eg var også bortom tre mindre toppunkt. Retur same veg. PS: GPS`n har tydeligvis rota fælt i Saufonnholet, og eg fulgte sjølvsagt den stipla stien heile vegen.