Archive - Date
Archive - Activity
-
Other trip (2)
- Kayaking (2)
-
Ski trip (10)
- Backcountry skiing (5)
- Randonnée/Telemark (5)
- Trip by foot (40)
Peakbook-Friends
Nyseterskarven
- Date:
- 21.02.2014
- Duration:
- 2:45h
- Distance:
- 8.0km
Starta ved grustaket og fulgte sti til Hegerholmsetra og Einangsetra. Fulgte deretter stort sett ryggen til topps.
Sandnestindan
- Date:
- 15.02.2014
- Duration:
- 4:45h
- Distance:
- 12.4km
Besøk hos svigermor på Eide treng ikkje berre bety mykje god mat og kaker. Eg bestemte meg derfor for å ta ein tur over Sandnestindan. Då vi kom køyrande over Fræneidet hoppa eg av ved parkeringa til Trollkyrkja. Eg stoppa sovidt ved Trollkyrkja, som er blant av Sør-Norges lengste grottesystem, men tok ikkje turen inn denne dagen. Vidare gjekk turen opp mot den vestre delen av Trolltindane. Det blåste godt og var ganske surt, men heldigvis ingen skodde. Eg var litt spent på egga opp til, og ned att frå, sjølve Trolltinden, men den viste seg å vere heilt uproblematisk. Vidare vart det mykje opp og ned over Stordalstinden, Blåfjellet, Hældalstinden og Snipa. Det gjekk fint å gå med joggesko med broddar, men enkelte plassar var det litt ekkelt med nokre bratte og knallharde snøfelt >>>
Sjøvdøla og Helvetestind
- Date:
- 08.02.2014
- Duration:
- 33:31h
- Distance:
- 22.6km
Denne helga kom Øyvind Brekke på besøk til Isfjorden, og han var veldig gira på eit par flotte Romsdalsfjell. Hovedmålet vart Sjøvdøla, og vi såg for oss ei natt på Svartvassbu. Vi inviterte også med ei fjellgal venninne, og kl.8.30 på laurdag var vi klar til start ved Rabben innerst i Grøvdalen. Det er som kjent lite snø i området no, og vi møtte ikkje snøen før etter eit par hundre høgdemeter. På ca 450 moh vart det sopass hard og glatt snø, så her bestemte vi oss for å ta på stegjerna. Videre fulgte vi stort sett den merka sommerruta opp til Svartvassbu. Det var fantastisk å sjå at den eine kjente stortoppen etter den andre kom til syne, og spesielt var synet opp til Juratind flott! Oppe på Svartvassbu tok vi ei matpause, og tømte sekkane for unødvendig vekt, og >>>
Snortungen vestre
- Date:
- 02.02.2014
- Duration:
- 2:10h
- Distance:
- 6.9km
Ettermiddagstur til Breidviksetra og vidare opp mot den vestre delen av Snortungen. Eit lite toppunkt, men frå setra (og frå Åndalsnes) er toppen ganske dominerande.