Archive - Date
Archive - Activity
-
Other trip (2)
- Kayaking (2)
-
Ski trip (10)
- Backcountry skiing (5)
- Randonnée/Telemark (5)
- Trip by foot (40)
Peakbook-Friends
Bolleberget
- Date:
- 31.08.2014
- Duration:
- 1:44h
- Distance:
- 4.7km
Kort og enkel tur frå Ødegården øverst i Dyrkornbygda. Godt å kome seg ut til fjells før nevøen skulle feire bursdag.
Juratinden i strålende solskinn
- Date:
- 28.08.2014
- Duration:
- 11:31h
- Distance:
- 14.9km
Ole-Petter hadde meldt sin ankomst til Romsdalen, med eit mål for auget: Juratinden! Vermeldingane var strålande, og heldigvis kunne eg ta meg fri frå jobben. Vi starta frå Rabben kl.08.30, og tok det ganske roleg oppover i starten. Sekken var pakka med det vi kom til å trenge av sikringsutstyr, men vatn satsa vi på å fylle lenger oppe. Litt etter skoggrensa fekk vi auge på toppen høgt der oppe, og det ga motivasjonspåfyll. Det er lange og seige bakkar, men til slutt var vi tett under Hoemskaret. Her gjekk vi rett mot nordryggen, samtidig som vi titt og ofte kika opp: Det vart ein del klyving bortover nordryggen, og ved eit punkt vart ryggen betrakteleg brattare. Her valgte vi å legge igjen litt unødvendig utstyr, og ta på svasko. Vegen vidare var bratt, og det kan vel karakteriserast >>>
Langtur i Eidefjella
- Date:
- 09.08.2014
- Duration:
- 10:34h
- Distance:
- 28.8km
Denne turen har eg tenkt på ei stund, og denne helga skulle det skje! Eg vakna til blå himmel kl.6.20, og då var det berre å kome seg raskast mulig ut. Eg fekk skyss til Syltesætra, og det var godt å vere i gang med turen. Etter 56 minutt stod eg på Kvannfjellet. Her vart det ei lita pause, medan eg vart underhaldt av ein nysgjerrig røyskatt. Ned frå Kvannfjellet var det enkelt, og eg måtte ned til ca 500 moh før eg starta på bakkane opp mot Heklatindan og Luten. Lettgått her også. Etter 2 t og 31 min stod eg på Luten. Ned frå Luten er det ein graskledd og bratt bakke, men fint å gå. Eg såg sauer nedi bratta, og sidan dei kunne ferdast der so rekna eg med at eg sjølv også klarte det... Vidare over to småtopper før ein bratt bakke opp mot Sørtussen. Ankom toppen etter 4 >>>