Archive - Date
Archive - Activity
-
Other trip (2)
- Kayaking (2)
-
Ski trip (10)
- Backcountry skiing (5)
- Randonnée/Telemark (5)
- Trip by foot (40)
Peakbook-Friends
Dyrhaugstindane og Nestnørdre Midtmaradalstinden
- Date:
- 22.08.2015
- Duration:
- 6:24h
- Distance:
- 13.1km
Etter gårsdagens langtur passa det bra med ein relativt rolig tur over Dyrhaugstindane og til Nestnørdre Midtmaradalstinden. Enkel klyving heile vegen.
Store Midtmaradalstinden
- Date:
- 21.08.2015
- Duration:
- 10:36h
- Distance:
- 34.7km
Eg hadde avtalt tur i lag med Harald, ein kamerat frå Sandane, og vi møttes ved Hjelle kl.8.30. Eg hadde med sykkel, medan han satsa på å gå/jogge inn til Vetti. Innover frå Vetti starter turen ganske lett, men så snart vi kryssa elva gjekk stien stort sett rett opp. Øyvind Brekke har ofte fortalt om denne Brendeteigen, og eg tipper han har lagt igjen eit par liter sveitte i den bakken! Det var iallefall veldig godt med ei god pause på Stølsmaradalen, og vi var begge enige om at her burde vi tilbragt natta.. Maradalsryggen er lang, veldig lang, men vi gjekk jamnt og trutt innover, og nærma oss meir og meir. Undervegs hadde vi ei fantastisk utsikt, som vart betre for kvar meter vi gjekk. Endeleg oppe på toppen kunne vi nyte både snickers og smågodt, og det som må vere ei av dei >>>
Stølsnostinden
- Date:
- 20.08.2015
- Duration:
- 5:39h
- Distance:
- 16.8km
Rett etter Stølsmaradalstinden satte eg meg i bilen og køyrde mot Tyin. Humpa innover anleggsvegen, og parkerte før bommen. Sykla inn til enden av vegen. Var spent på fonna som pleier å "sperre" vegen ved eine vatnet, men denne var enkel å krysse høgt oppe. Breen under Stølsnostinden har smelta mykje, og eg kunne gå rett på sak. Artig klyving frå skaret og opp til begge toppane.
Stølsmaradalstinden
- Date:
- 20.08.2015
- Duration:
- 6:12h
- Distance:
- 16.4km
Eg parkerte ved Berdalsbandet og runda rundt Austabotnmassivet. Mykje snø i Gravdalen. Flanken opp mot ryggen på Stølsmaradalstinden var enkel, og snøen bydde ikkje på problem. Flott utsikt på toppen!
Ettermiddagstur til Store Venjetinden
- Date:
- 17.08.2015
- Duration:
- 4:46h
- Distance:
- 5.5km
Eg må ha meg minst ein tur til Vengetinden kvart år, og i dag var det på tide med årets tur. Fortsatt litt snø både i renna og opp mot toppen, men ingen problem å kome seg opp. Eit fantastisk sommarver, og eg kunne sitte lenge i berre shortsen på toppen. Dvs ca 2 timar. 1 t 32 min opp. Det er langt igjen til Ola Hovdenak som går opp på under timen...
Kalskråtinden
- Date:
- 13.08.2015
- Duration:
- 8:05h
- Distance:
- 15.8km
Sol og nesten 20 grader = tidleg fri frå jobb. Eg parkerte ved Remmem bru, og la i veg oppover. Bratt, men fin og artig sti oppover. Oppe ved Mongevatnet fekk eg auge på dagens mål, og det vart lettgått langs vatnet. Ura opp mot toppen er stort sett fin. Kalskråtinden er pussig nok ein lite besøkt topp. Eg var andre personen som skreiv seg inn i boka i år! Og den første skreiv seg inn ein halvtime før meg...
Kulehøgda
- Date:
- 11.08.2015
- Duration:
- 3:30h
- Distance:
- 16.0km
Joggetur inn og ut dalen. Krattkrig opp mot Kulevatnet. Surt og vått på snaufjellet. God trening.
Kveldstur til Bispen
- Date:
- 10.08.2015
- Duration:
- 2:08h
- Distance:
- 6.4km
Kveldstur til Bispen. 44 min opp.
Giskemonibba
- Date:
- 09.08.2015
- Duration:
- 1:49h
- Distance:
- 8.9km
Eit kjapt sidesprang etter ein tur til Ålesund.
Fantastiske Trollspiret
- Date:
- 06.08.2015
- Duration:
- 9:15h
- Distance:
- 12.9km
Endelig var det tid for ny klatretur i lag med Ole Petter! Eit av hans store mål for sommaren har vore Trollspiret, og heldigvis kunne eg ta meg fri frå jobb denne dagen. Relativt enkel klyving opp til skaret mellom Trollspiret og Trollryggen. Ved foten av sjølve Trollspiret tok vi fram tauet. Ole Petter leda taulengda gjennom tunnellen, og opp til toppen. Etter kort tid kom eit høgt gledeshyl, og han var oppe. Vanvittig tøft å klatre opp tunnellen. Den er om lag 3-4 meter høg, og akkurat stor nok til at ein person kan klatre gjennom. Og gjennom sprekkene i sidene ser ein trollveggen nedanfor...