Archive - Date
Archive - Activity
-
Other trip (2)
- Kayaking (2)
-
Ski trip (10)
- Backcountry skiing (5)
- Randonnée/Telemark (5)
- Trip by foot (40)
Peakbook-Friends
Grisetskolten
- Date:
- 20.10.2013
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:29h
- Distance:
- 7.8km
Eg og Marianne møtte Helene Helene85 (Helene Hagen) i Innfjorden og køyrde oppover mot Griset og Skallen. Siste partiet går på grusveg, men det er ingen bomveg, og heller ingen parkeringsavgift. Det var kjølig luft, og frost på bakken då vi starta å gå ca kl.10.30. Etter eit par hundre høgdemeter møtte vi snøen, men det hadde gått folk her dagen før og trakka sti til oss. Ved Førnakken kom vi inn i solskinnet, og no vart det raskt veldig varmt og behagelig! Så snart ein er ute av skogen deler stien seg, og vi gjekk mot venstre. Vi fulgte opptrakka sti, men då vi nærma oss toppen syntes vi stien gjekk litt vel mykje mot stupet på vestsida...så vi antok at det hadde vore basehopparar som hadde gått her. På toppen vart vi møtt av ei storslagen utsikt utover Romsdalsfjorden, og snudde vi oss såg >>>