Archive - Date
Archive - Activity
-
Other trip (2)
- Kayaking (2)
-
Ski trip (10)
- Backcountry skiing (5)
- Randonnée/Telemark (5)
- Trip by foot (40)
Peakbook-Friends
Bjørnabotnhøgda
- Date:
- 31.03.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 6:33h
- Distance:
- 22.4km
Enda en flott dag, og det var berre å pakke sekken og kome seg til fjells! Valget i dag falt på Bjørnabotnhøgda, og eg fann fram dei gode, gamle fjellskia. Eg bar skia på sekken opp til Moanebba. Derfrå var det fint føre vidare. Måtte ta av skia opp eit bratt parti langs ryggen. Sat og kosa meg i ein god time på toppen.
Rånåkollen
- Date:
- 02.03.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 1:45h
- Distance:
- 6.7km
Etter eit jobbmøte på Bjorli passa det fint å spenne på seg skia og innta den nærmaste toppen. Det vart Rånåkollen. Ein artig liten sak.
Kveldsskitur til Blånebba
- Date:
- 14.05.2014
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 4:04h
- Distance:
- 4.3km
Kveldstur til Blånebba. Måtte bere skia opp til ca 650 moh. Veldig hard snø i austsida før eg kom opp på egga. Som vanleg flott utsikt frå toppen!
Rikjendbotn rundt
- Date:
- 30.03.2013
- Characteristic:
- Backcountry skiing
Startpunkt for turen var der vegen mot Overøye krysser Stavåna. Derfrå fulgte eg skogsveg oppover og tenkte å gå via Josætra (Jasvollsætra), men eg havna for høgt so turen gjekk via Moheia. Derfrå tok eg sikte på Rikjendskaret og fulgte ryggen opp til toppen av Benkene. Ryggen vidare i retning Storbotnshornet er bred og fin. Eg hadde lyst oppom nevnte topp, men den såg litt vanskeleg ut, spesielt pga snøen. Derfor skar eg rett over til skaret mellom Storbotnshornet og Sandegga. Herfrå var det hard og vanskeleg snø opp til Sandegga som var høgaste punktet på turen. Vidare fulgte eg Sandegga mot sørvest og hadde flott utsikt mot Sandfjellet og panoramaet mot Sunnmørsalpane bakom den. Nedstigningen frå Sandegga Sør var svært bratt og litt trøblete på ski (med klabbete feller). >>>
Ådalstinden
- Date:
- 28.03.2013
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 5:00h
Frå parkering innerst i Seljebotn gjekk eg først eit par hundre meter forbi siste garden, og rett etter eit granfelt strauk eg rett til skogs. Det vart mykje baksing i den tette bjørkeskogen, men etter å ha kome opp på snaufjellet gjekk det mykje lettare. Her var det ein del spor både opp og ned, og det var eit fantastisk påskever. Utsikta åpna seg meir og meir, og blant anna Stordals høgaste topp, Seljebottstind markerte seg på motsatt side av Seljebotn. Det var litt lett snøver på deler av indre Sunnmøre i dag, men på Ådalstind var det stort sett sol heile tida. Frå toppen såg eg rett ned på dei enorme folkemengdene i skiløypa mellom Overøye og Storvatnet. Etter å ha vore på toppen ein god time tok eg turen bortom Storhornet, noko som eg sterkt kan anbefale. Her ser >>>