Helgaturen til "Bui pao Brandrei" (04.01.2015)


Startsted Aosahytta (857moh)
Sluttsted Aosahytta (857moh)
Distanse 18,5km
Høydemeter 94m
GPS
jonnya_framme_ved_hytta._770_pix..jpg

Turen startar frå Aosahytta på Seimsåsen. Løypa går ned bakken mot stadion og rett fram vel 500 meter til ein kjem til krysset ved stolpen. Der svingar me inn i løypa til høgre og føl skiltinga "Paradisjuv".
Alternativt er ein brå høgresving ved skistadion, rundt Åsatjørni på vestsida, forbi brattbakken som er einvegskøyrd (står skilt der) grunna fare for kollisjon. Eit par hundre meter lenger framme svingar me inn på løypa på høgre sida og deretter er det å fylgja dei blå skilta med teksten "Paradisjuv".

Løypa byr på 3-4 kneikar. Desse går fint oppover, men kan vera ei utfordring ned att avhengig av føret. På turen vår var det 15-20 cm lett nysnø oppå fast snø, så det var berre ein draum å køyra ned att.

Omlag midtvegs, svingar den ferdigtrakka løypa (10 kilometeren) attende. Herfrå er det som regel køyrt opp spor med snøscooter.
Tidleg på vinteren er det ofte "trolsk stemning" her oppe. Snøen har godt lag med å henga på trea og gir ein fantastisk stemning i eit stilt og fredeleg landskap.

På eit punkt litt over midtveges kan ein sjå hamna og litt av Haugane (Tippen) på Årdalstangen, der sola enno ikkje er komen ned i januar.

Løypa går vidare vestover, litt opp og ned på nordsida av Brennfjellet og etter ein time og eit kvarter har me hytta i sikte.

Hytta er ei sekskanta "grillhytte". Inne er det både open peis og omn til å fyra i. Med skinnfellar på sittebenkane er det ein fin plass å eta nista si, og me kan skriva oss inn i hytteboka før me reiser herfrå.

jonnya_litt_av_lustrafjorden,_770_pix__.jpg

Når ein fyrst er på desse kantar tek dei fleste turen opp på eit utsiktspunkt på Brendefjell der ein ser Vikadalen og vidare utover Årdalsfjorden med Bermålsnosi og Fodnes. Litt av Lustrafjorden ser ein òg. I klårver ser ein både Fresvikbreen og Storehaugen lenger ute. Men me går ikkje ut på kanten, for det er temmeleg bratt ned mot fjorden. Vil ein ned på sjølve Paradisjuvet må ein fortsetta vestover om lag 600 meter.

Er det godt føre, kan ein no berre gleda seg til turen attende til Aosahytta.

Våre turdata frå GPS (då tok me det med ro, og tok masse bilder)
Totaltid: 2:34
Gangtid: 2:04
Distanse: 10.92 km
Motbakke: 330 høgdemeter
Starthøgde 755 meter
Maks høgde: 915 meter

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.