Tur til Løst (20.04.2015)


Duration 2h 50min
Distance 3.9km
Vertical meters 547m
GPS

Vårtur til Løst med frukost på stølsbøen.

Det mektige Steiggjeberget i sør-vest, så nær at du nesten kan ta borti det, og ei våryr Steiggjeelv mellom deg og fjellet!
Råare natur finn du knapt nok, sjølv ikkje i Årdal.

Men kontrastane er store. Når ein kjem opp på stølen er det som ein kjem i ei anna verd.

Den gamle stølsvegen starta nede i vasstrondi. Der gjekk bønder og husmenn i land med buskapen sin når dei buførde frå Loi til Løst.

Me startar på stølsvegen ved aust-munninga av gamle Steiggjetunnelen. Rett ved brua er han godt synleg.

Bratt er det heilt frå fyrste steget. Vegen går nok ikkje alle stader lenger etter den gamle traceen. Linjebygging og stormen Dagmar med trefall har gjort sitt til at nye sløyfer er laga, sjølv om det meste av trefalla no er rydda vekk.

Men me tek oss oppover lia, steg for steg. Ein må halda det gåande. Det er betre å gå seint og jamt enn å hasta på og så måtta stoppa for å få att pusten. Det er vår erfaring.

Me satsar ikkje på nokon fartsrekord til Løst, for då skal du vera god. John Kjellevold som i si aktive tid som framifrå skyttar, hadde denne stølsvegen som treningsløype for å halda seg i god skyttarform. Han for opp her på 16-17 minuttar etter det eg har høyrt!

Vegen er fin og lett å sjå, sjølv om eg mistenker nabovegen opp til Eldegarden for å vera langt meir trafikkert.

Bjørkelauvet er stort som eit museøyre, fuglane kvitrar og snøfenner losnar frå det steile berget. Dette må vera den flottaste tida på året. Heile naturen ventar på å slå ut i full bløming. For fyrste gong fekk me sjå lerketre som blømde.

”Jeg velger meg april” sa Bjørnson. No skjønar eg kva han meinte.

Frå om lag 300 moh flatar det litt ut, og me får kontakt med spreidde snøflekkar. Frå 450 moh vert snøen samanhengande. Men det er tidleg på dag og han er fast og fin å gå på.

Nesten oppe passerar me det mest originale barskåpet eg har sett. Eit treskåp med inskripsjonen ”Nesten oppe drammen”. I skåpet var det tre plastdrammeglas som bar preg av ikkje å ha vore i bruk på ei god stund.

Før det har gått heile timen frå me starta, dreg me kjensle på bergknubben på venstre hand, og fjellet Hest dukkar opp i bakgrunnen. Då veit me at me snart er framme.

Her står sela innbydande og flotte og på bøen er det bord med benkar, for høvet frie for snø.
Her vert det fukost for klokka er berre ti over ti på føremiddagen. Sol frå blå himmel og stilt. Berre ein svak sus av elva lengre borte.

I min oppvekst var Løst ein populær ski-utfartsstad. Med skia på sykkelen bar det framover Loi, gjennom gamle Steiggjetunnelen og opp Steiggjelia til stølen. Her vart det laga hoppbakke. Mange på min alder har nok gode minner frå desse turane.

Litt historikk
Stølen Løst ligg på 530 moh. Namnet er ei avkorta form av ordet Løeset etter som det var slåttemark og to store høyløer her ein gong i tida. (Ref. Stadnamn i Årdal i Sogn av Sigurd Dahl Midtun)
På stølen står det no att tre av dei gamle sela i tillegg til eit litt nyare uthus. Sela er i god stand. Bølgjeblikk har berga mangt eit stølshus frå totalt havari. Borte under bakken i retning Berdalen står så vidt oppreist ei av dei gamle løene.

Det var Lægreidsgardane og Tangengarden og husmennene til desse som stølte her. Dei ”sat” her i tre veker før dei flytte til fjellstølane Melsete og Berdalen.
Olav Sagen skriv i bygdeboka, band 1: ” Løst var ei stor stølsgrend med mange sel og mykje krøter. I 1865 var der 114 kyr, 166 geiter og 235 sauer. (Dei mjølka sauene og i den tid).
I 1875 var det 90 kyr, 264 geiter og 88 sauer. Og dertil kalvar, kviger, hestar, uksar og griser”.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.