Finnsåsen (03.05.2015)
Startpunkt | Trykkbasseng, Haugane, Årdalstangen (128m) |
---|---|
Endpunkt | Trykkbasseng, Haugane, Årdalstangen (128m) |
Tourcharakter | Wanderung |
Tourlänge | 2h 13min |
Entfernung | 2,8km |
Höhenmeter | 394m |
GPS |
![]() ![]() |
Forrige helg gjekk turen til Åsen og Fuglåsen "ovanfor vatnet". No er det Finnsåsen "nedanfor vatnet" som står for tur.
Frå Tangalandet kan ein sjå at det er bert for snø der oppe. Det er berre å få på seg tursko og høvelege klede og legga i veg. Ull underst, fleece utanpå og ei vindtett jakke i sekken. Ja, for ein liten svipptursekk er alltid greitt å ha med.
Fast inventar der er ei lita veske med plaster og anna fyrstehjelpsutstyr, kart og kompass, GPS med eitt sett reservebatteri, i tillegg til mat og drikke.
Startpunktet er ved vassbassenget øvst oppe på Haugane ("Tippen"). Sjå rettleiing i boks til høgre korleis du tek deg fram dit.
Her er det plass til to-tre bilar, men ikkje steng tilkomsten for kommunale tenester.
Starten på stien er lett synleg når me går ut av bilen. Rett opp bakken.
Einkvan har hengt opp orienteringsskilt på eit tre, og merkt opp heile løypa til topps. Flott gjort!
Etter knappe 10 minuttar frå start kryssar me bekken som kjem frå Geisdalen og Kyrfoss. Her er det grei sti retning sør, rett opp bakkane mot nordveggen på Åsen. Når me nærmar oss fjellveggen, bøyger stien av til venstre med litt mindre stigning.
Innover lia på austsida av Finnsåsen går stien i passe stigning med innslag av "rett opp - parti".
Det er elles bratt terreng både ovanfor og nedanfor stien, så ein bør ikkje koma på "rult" her.
På enkelte bratte stader er det hengt opp tauslynger, noko som er godt å halda i dersom ein ikkje føler seg heilt trygg.
Ein stad er det rasa ut litt stein, noko som bjørkene der har fått merka.
Siste stykket går greitt og med det same me kjem opp på flata, ser me stien vidare mot Middagshaugen til venstre og ut mot toppunktet på Finnsåsen til høgre.
Det er fritt og fint når ein kjem heilt opp. Ei kongeørn sveva over oss og ynskte oss velkomen opp. Utsikten er flott utover fjorden, Kolnosi, Bermålsnosi, og innover den stupbratte Geisdalen der snøen ligg massiv.
Rett aust ligg Grøvene og Olateigen med Kyrfoss litt lenger til venstre.
Det er og fin utsikt mot Årdalsvatnet og i det fjerne i skyene skimtar me Stølsmaradalstindane.
Rett i vest ligg Gjerdesnosi med Migangjel, Lysa og Skolma som dei største skred- og bekkefara.
Me gjekk lengre nordover åsryggen for å få betre utsikt (trudde me), men vegetasjonen skuggar ein del for den. Me kunne sjå gjennom telelinsa at fyrste runden med konfirmasjon var ferdig i Årdal kyrkje.
Nedatt-turen vert roleg i slikt terreng. Ein må sjå kor ein trør så det ikkje vert skadar. Me har nemleg tenkt oss på fleire turar i sommar.
Benutzerkommentare