Nedre Halsen (Naddvik) (20.05.2015)
Me tok turen opp til Nedre Halsen, eit nes knappe 3 km inne i Vikadalendalen. Siste biten opp på Nedre Halsen er bratt, men det er god sti.
Årdal Turlag har turpost ved Veidehølen, rett før den bratte delen, så det er heilt klart eit alternativ å snu her. I så fall er det ein fin tur for dei som ynskjer å koma seg ut av godstolen og byrja å lea på seg litt ute i terrenget.
Denne gongen slo me lag med Årdal gålag og det var til saman ein gjeng på 57 personar som toga fram dalen.
Startpunktet for turen er parkeringsplassen ved busstoppen på Fv 53 i Vikadalen. Det er gangveg under brua slik at ein slepp å kryssa ein trafikkert fylkesveg.
Det er asfaltert veg opp til inngangen til Naddvik kraftstasjon, om lag ?? km.
Derfrå er det brått venstre og inn på fin grusveg. Nokre slakke stigningar oppover fører oss til enden av grusvegen der stien byrjar. Denne er mykje brukt, så det er ikkje tvil om kor han går.
Rett etter me er komne inn på stien, er det eit stykke der det er veldig bratt ned mot elva. Stien er ikkje smal her, men det er vel det ein kallar ”rett ned” mot dalbotn.
Her må ein visa aktsemd, særleg dersom ein har med seg born.
På andre sida av dalen kjem Kipargrovi ned. Me passerar Sagakråi og etter kvart Klypehølen. Ved Klypehølsflaten tek me oss ein pause. Det har no gått ??? sidan me starta. Turleiar Anton Kjærvik held jamt og stødig tempo for ikkje å få for stort strekk i laget.
Snart er me framme ved Veidehølen og me er no på akkurat 200 moh. Her er Årdal Turlag sin turpost, og ein må sjølvsagt skriva seg inn i boka.
Dersom ein ikkje er vand med å gå så mykje i terrenget, er dette eit greitt punkt å snu på.
Men me hadde bestemt oss for Nedre Halsen, så me tok fatt på det siste bratte partiet. Bratt ja, men flott turveg med oppmurte trappetrin på dei brattaste kneikane.
Klokka ?? er me oppe ved målet. Der kjem nistepakka fram og me fortener ein god kvil.
Me vil og nemna at stien går vidare oppover lia mot Smørhola eller til Øvre Halsen. Frå Øvre Halsen er det fint å gå langs Storevatnet, nedover til Viervatnet og Kvitingsmorki. Såleis kan ein flott dagstur enda opp ved Sagi på Fv 53.
Men me er framleis på Nedre Holten. Der tek me ein liten avstikkar for å få betre sikt til det smale gjelet som fører inn til Gryta, ei kjempestor jettegryte med ein 70 meter høg bergvegg mest heit rundt.
Termosen er tom og nista eten opp og det er berre å rusla i fint tempo attende til parkeringsplassen.
Turdata frå GPS:
Starthøgde: 36 moh
Max høgde 402 moh
Total stigning: 341 m
Gangtid 1:52
Stopptid: 2:09
Total tid: 4:01
Distanse: 6,28 km
Kommentarer