Gryta (24.01.2013)
Start point | Vikadalen ved Fv 53 (20m) |
---|---|
Endpoint | Vikadalen ved Fv 53 (260m) |
Characteristic | Ice climbing |
Duration | 4h 30min |
Distance | 8.0km |
Vertical meters | 240m |
GPS |
Visits of other PBEs | Gryta (260m) | 24.01.2013 |
---|
Tur til Gryta i Vikadalen 24. januar 2013.
Det var klårt og temperaturen var -12 grader då me reiste frå Seimsdalen, mi kjære kone Karin og eg. Turmålet for dagen var ”Gryta” inne i Vikadalen. Etter å ha parkert ved busstoppen i Vikadalen kl 10.30 tok me føtene fatt. Med godt mot og målet for auget la me ut i friskt tempo.
Gryta er ei sylindrisk grop i fjellet med steile fjellsider på opp til 110 meter høgd, så nær som det smale dalføret som fører vestover, og nedover mot Sognefjorden. Ei kjempestor jettegryte med andre ord.
Elveinnløpet til Gryta kjem i form av ein foss på nord-austsida med omlag 70 meters fallhøgde. Når det er gangbart i dette området, berre etter langvarig kulde, er fossen frosen til ei issøyle.
Me passerte Naddvik kraftstasjon etter eit kvarters gange på asfaltert anleggsveg. Herfrå er det eit stykke med traktorveg som etter kvart går over til gangveg og er den gamle stølsvegen til stølen Smørhola.
Me kom til Årdal Turlag sin turpost ved Nedre Halsen kl 11.15. Her er det vanleg å starta vandringa innover den islagde elva. Me sette på oss stegjern, og la i veg. Underlaget var ei blanding av porøs fleirlags is, fast fin elveis og opne parti med synleg rennande vatn.
Vassdraget er regulert med ein fyllingsdam ved Riskallsvatnet. Ved Nedre Halsen har kraftselskapet sett opp åtvaringsskilt om at luker i dammen kan opnast utan varsel og vatn kan koma strøymande ned dalføret. Me vurderte det slik at kraftselskapet for tida er meir interessert i å laga el-energi av vatnet enn å sleppa det fritt ned gjennom dalen. Men feil kan førekoma og uønska ting kan skje utilsikta.
Åtvaringa fører automatisk til at ein ser seg om etter høvelege ”rømningsvegar” innover gjelet. Enkelte stader finst dette rett og slett ikkje, då det er fem meter frå side til side og fjellet går loddbeint opp på begge sider.
Etter 10-15 minuttars vandring møter me det fyrste hinderet. Hindra er fire-fem små stryk eller fossar med ei falløgd på mellom 5 og 10 meter. Fossane er islagde, men i enden av fossen er det som regel ei råk med ope vatn og farleg nok å ramla nedi. Det er difor naudsynt med isøks, stegjern og noko sikringsutstyr. Falla har varierande høgd og steilheit.
Alt gjekk fint og me kom oss trygt inn til den store jettegryta. Etter akkurat to timars gange var målet nådd.
Gryta kan ta pusten frå kven som helst og er ei mektig oppleving. Det er mest som ein katedral utslipt av naturkreftene i det norske grunnfjellet, gjennom tusenar av år.
Eg måtte berre legga meg på rygg på isen med fotoapparatert, midt i gryta. Då såg eg fjell 360 grader rundt.
Det er naturleg å ta matpausen her inne samstundes som ein let den barske naturen siga inn i sinnet. Når inntrykka har fått senka seg og alle bileta er tekne, er me klare for retur.
Turen attende vart meir strabasiøs enn me skulle ynskja. For å unngå dei islagde fossefalla nedstrøms, la me turen opp den bratte lia på vestsida like før det øvste fallet. Lia er svært bratt ned mot elva så me måtte høgt opp der det flata litt ut, for å ferdast trygt. Det skal vera ein sti her, men den fann me berre delar av. Me nådde etter kvart den gamle stølsvegen som går mellom Nedre Halsen og Øvre Halsen / Smørhola og var attende til bilen då klokka var 15.00.
Dette var min andre tur inn i denne fantastiske katedralen. I 2010 var det liknande vinterver med langvarig turrfrost og glimrande tilhøve. For Karin var dette fyrste gongen. Ho var med på eit misslukka forsøk i 2011. Den gongen var det for mykje ope vatn til å gå heilt inn i Gryta.
JonnyA
User comments