Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (1)
- Ice climbing (1)
- Ski trip (7)
-
Trip by foot (35)
- Alpine trip (1)
- Hike (14)
- Hillwalk (17)
Archiv - Geography
Favourite peaks
Skitur til Slettningsbu
- Date:
- 28.03.2013
- Distance:
- 15.0km
Skitur til Slettningsbu Den vanlegaste ruta til Slettningsbu er nok for oss årdøler via Langeleiskardet. Men ettersom Karin og eg likar å gå på nye stader, starta ruta vår denne gongen frå Melvikodden ved Tyin. Rundt den slakke svingen etter "Familiehola" går det eit markert dalføre nesten rett vestover (opp til høgre). Her starta turen vår. Over myrane og opp ein bratt kneik, eit "strype" mellom Tyinstølnøse og Melviknøse der elva kjem ned frå Melviktjørnene. Deretter flata det ut innover tjørnene. Dei ligg på 1204, 1207 og 1244 moh. Midt mellom dei to fyrste tjørnene ligg ei fiskehytte. Ein ny kneik fører oss opp til det øvste av tjørnene. Godt varme i trøya, vert det drikkepause her. No rundar me til venstre og rett sørover og ved Korstjørnet kjem >>>