Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (1)
- Ice climbing (1)
- Ski trip (7)
-
Trip by foot (35)
- Alpine trip (1)
- Hike (14)
- Hillwalk (17)
Archiv - Geography
Favourite peaks
Tur til Løst
- Date:
- 20.04.2015
- Duration:
- 2:50h
- Distance:
- 3.9km
Vårtur til Løst med frukost på stølsbøen. Det mektige Steiggjeberget i sør-vest, så nær at du nesten kan ta borti det, og ei våryr Steiggjeelv mellom deg og fjellet! Råare natur finn du knapt nok, sjølv ikkje i Årdal. Men kontrastane er store. Når ein kjem opp på stølen er det som ein kjem i ei anna verd. Den gamle stølsvegen starta nede i vasstrondi. Der gjekk bønder og husmenn i land med buskapen sin når dei buførde frå Loi til Løst. Me startar på stølsvegen ved aust-munninga av gamle Steiggjetunnelen. Rett ved brua er han godt synleg. Bratt er det heilt frå fyrste steget. Vegen går nok ikkje alle stader lenger etter den gamle traceen. Linjebygging og stormen Dagmar med trefall har gjort sitt til at nye sløyfer er laga, sjølv om det meste av trefalla no er rydda vekk.
Med Årdal Gålag på Kamben
- Date:
- 15.04.2015
- Duration:
- 1:19h
- Distance:
- 2.4km
Med Årdal Gålag til Moakamben. Fyrste sommarturen gjekk av stabelen i ruskever med heile 44 deltakarar. Folk er tydeleg vis gira på å koma i gang. Me starta på den store parkeringsplassen rett under Moa. Mange alternative vegar fører til toppen av Kamben, men Turleiar Gunnvor Nordås hadde på førehand funne eit alternativ utan for mange bratte og glatte kneikar. Fyrste delen gjekk på "Utladalssida". Midt oppe i bakkane kryssa me over til Moa-sida og følgde den vegen heilt opp. Kamben er eit lett tilgjengeleg turmål og dei som bur i Øvre Årdal treng ikkje eingong setta seg i bil for å nå målet. Alternativt kan ein starta ved brua som kryssar Utla ved Olmennhagen og gå dei knapt 200 trappetrina opp på Ytre-Moaplatået. Ein kan og starta frå Lykkja litt lengre framme i >>>
Tisedalshøgdi i påskever og på påskeføre
- Date:
- 10.04.2015
- Duration:
- 7:40h
- Distance:
- 20.0km
På påskeføre til Tisedalshøgdi