Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (1)
- Ice climbing (1)
- Ski trip (7)
-
Trip by foot (35)
- Alpine trip (1)
- Hike (14)
- Hillwalk (17)
Archiv - Geography
Favourite peaks
Nedre Halsen (Naddvik)
- Date:
- 20.05.2015
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 4:01h
- Distance:
- 7.4km
Me tok turen opp til Nedre Halsen, eit nes knappe 3 km inne i Vikadalendalen. Siste biten opp på Nedre Halsen er bratt, men det er god sti. Årdal Turlag har turpost ved Veidehølen, rett før den bratte delen, så det er heilt klart eit alternativ å snu her. I så fall er det ein fin tur for dei som ynskjer å koma seg ut av godstolen og byrja å lea på seg litt ute i terrenget. Denne gongen slo me lag med Årdal gålag og det var til saman ein gjeng på 57 personar som toga fram dalen. Startpunktet for turen er parkeringsplassen ved busstoppen på Fv 53 i Vikadalen. Det er gangveg under brua slik at ein slepp å kryssa ein trafikkert fylkesveg. Det er asfaltert veg opp til inngangen til Naddvik kraftstasjon, om lag ?? km. Derfrå er det brått venstre og inn på fin grusveg. Nokre slakke stigningar >>>
Finnsåsen
- Date:
- 03.05.2015
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:13h
- Distance:
- 2.8km
Forrige helg gjekk turen til Åsen og Fuglåsen "ovanfor vatnet". No er det Finnsåsen "nedanfor vatnet" som står for tur. Frå Tangalandet kan ein sjå at det er bert for snø der oppe. Det er berre å få på seg tursko og høvelege klede og legga i veg. Ull underst, fleece utanpå og ei vindtett jakke i sekken. Ja, for ein liten svipptursekk er alltid greitt å ha med. Fast inventar der er ei lita veske med plaster og anna fyrstehjelpsutstyr, kart og kompass, GPS med eitt sett reservebatteri, i tillegg til mat og drikke. Startpunktet er ved vassbassenget øvst oppe på Haugane ("Tippen"). Sjå rettleiing i boks til høgre korleis du tek deg fram dit. Her er det plass til to-tre bilar, men ikkje steng tilkomsten for kommunale tenester. Starten på stien er lett >>>
Ettermiddagstur til Skjeltrene
- Date:
- 30.09.2014
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 3:07h
- Distance:
- 6.9km
Start ved grensestøtta på E16, mellom Oppland og Sogn og Fjordane. Her er det bru over elva og me kjem på rett side av elva Grøna. Me fylgde ein bilveg så langt den gjekk og fortsette oppover i eit flott artig terreng. Ei slett mark som skrådde fint oppover med ein open bjørkeskog. På 1080 moh dukka det opp ei gamal tuft. Her fann me og stien vidare. Over skoggrensa vart det litt brattare og me fylgde rundt austsida av 1311. Vidare ryggen opp til trig-punktet på Skjeltrene og så til varden på det høgaste punktet. Den store steinen som skulle stå på høgkant midt i varden var bikka over. Me fekk han på plass og sanka nokre steinar for å skora han betre opp. Retur om varden på 1311. Kjempeflott panoramautsikt over heile Filefjell. På turen attende fann me sjølvsagt stien heilt >>>
Daggrø
- Date:
- 12.09.2014
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:00h
- Distance:
- 5.1km
Rusletur til Daggrøhytta kombinert med bærplukking. Start og stopp i Killingskardet. Koseleg tur i flott terreng. Jomar, Anne, Karin og Jonny
Trimtur over Yttre Moa og til Moakamben
- Date:
- 05.01.2014
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:30h
- Distance:
- 6.0km