Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (1)
- Ice climbing (1)
- Ski trip (7)
-
Trip by foot (35)
- Alpine trip (1)
- Hike (14)
- Hillwalk (17)
Archiv - Geography
Favourite peaks
Vårskitur til Hestedalsfjellet
- Date:
- 14.05.2015
- Duration:
- 2:34h
- Distance:
- 8.1km
Vårskitur til Hestedalsfjellet Me har enno ikkje lagt skia på hylla for sesongen. I mai kan ein oppleva dei flottaste skiturane oppe i høgfjellet. Tindevegen mellom Øvre Årdal og Fortun opnar for utrulege mulegheiter på dette området. Etter ein kort biltur frå Årdal eller Luster er ein midt inne ein av Noregs flottaste fjellområder, sommar som vinter. 2000 meter-tindane står der som majestetar og lokkar dristige skikøyrarar til topps. Karin og eg skal nøya oss med ein noko mindre krevjande tur, men likevel flott og spanande. Me har aldri vore på Hestedalsfjellet før og der ligg spaninga. Nytt terreng og nye ruter. I fjor på denne tida var me på Korenosi, ein omtrent like lang (kort) tur som denne, men då med atskillig mindre snø. Me starta frå bomstasjonen på Tindevegen, midt >>>
Tisedalshøgdi i påskever og på påskeføre
- Date:
- 10.04.2015
- Duration:
- 7:40h
- Distance:
- 20.0km
På påskeføre til Tisedalshøgdi
Stetinden
- Date:
- 20.09.2014
- Characteristic:
- Alpine trip
- Duration:
- 7:30h
- Distance:
- 12.5km
Dette var vår laurdagstur på Pakbook-treffet på Leirvassbu, eit arrangement me (Karin og eg) hadde gleda oss til heilt sidan me melde oss på tidleg på året. Og me vart slett ikkje skuffa. Eit omfattande turprogram vart gjennomført og om kveldane kunne me gleda oss over fantastiske bildeforedrag av folk som heilt klart har ”meir i ryggsekken” enn oss. Stor takk til arrangøren med Morten i spissen og vel blåst! Me hengde oss på laurdagsturen til Stetinden. Turen var opplagt som familietur og såg ut til å passa vårt nivå. Godveret frå fredagen forsvann diverre over natta og det var litt grått kring ”nevene” då turfylgjet på 20 starta frå tunet på Leirvassbu kl 09.10. Men alle var opplagde og ved godt mot. Dei fyrste 2,5 km gjekk etter anleggsvegen nedover Gravdalen. Deretter >>>
Fottur til Store Ringstinden
- Date:
- 05.09.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 12:00h
- Distance:
- 18.7km
Denne tinden er nok ein dominerande skitur-topp. Det burde han ha vore for oss og, men div. problem tvinga oss til å snu 24. Mai 2008. Etter det, har tinden lege bak i hovudet og ”murra”. Fint ver, matchande fri-skift for Arild og løyve heimanfrå stemde over eins, og då var det berre å trø til. Svært spente på bre-tilhøva la me i veg innover Ringsdalen etter å ha parkert ved enden av den vesle anleggsvegen. (demningen) Klokka var då 09.10. Etter tre kvarter kryssa me grensa til Nasjonalparken. Dersom ein er glad i steinurder, er turen herfrå og opp til brekanten rette staden. Kl. 11.45 tek me fat på det bratte partiet på austsida inne i dalen. Her er delvis merka ein oppgang som fører oss over ein høgde med varde og deretter ned til brekanten. Her frå er det fin oversikt >>>
Grønvassnosi
- Date:
- 02.08.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 15.4km
Grønvassnosi Kl. 10.00 parkerte me ved avkøyrsla til stølen Murane i Fardalen. Målet for dagen var Grønvassnosi. Dette er ein av 63 toppunkt i Årdal kommune med pf 100. Grønvassnosi er ein grensetopp mellom Årdal og Luster og ligg 1598 meter over havet. Med på turen var Karin, broren Idar og eg. Me tok opp på vestsida av brua der Tindevegen kryssar Fardøla, passerte Johannanosi og runda innover til Kvannegrø. Der tok me opp ei tydleg skor i fjellsida der ein kan velja urd eller gras til underlag. Me gjekk opp grasbakkane og det gjekk fint. Vel oppe på ei flate med ei fin tjørn skrådde me oppover til venstre for å koma oss oss opp på fjellryggen. Deretter var det greitt å gå innover høgdene mot dagens mål. Kl 13 stod me alle på toppen. Det var flott utsikt mot Falkanosi (Luster) >>>
Skitur til Ingebjørgsfjellet
- Date:
- 11.04.2013
- Distance:
- 26.0km
Seimsåsen/Ofredalen er eit godt utgangspunkt for skiturar. Etter som Årdal Turlag har planlagt skitur til Ingebjørgsfjellet 21. mars, kan det passa med å presentera vår tur i dag. Turkamerat denne gongen var Ivar Seim. Ingebjørgsfjellet er grensetopp mellom Årdal og Luster. Dette er ein tur som kræv det meste av dagen for meg med kondis og trening slik midt på treet. Med andre ord bør ikkje dette vera den fyrste skituren ein legg ut på i vinter. Turen starta i svingen rett oppom garden Åsete i Indre Ofredal, eller Åsetesvingen som han gjerne vert kalla. Ein føl tømmervegen så langt den går, opp til Bordhaug. Derifrå føl skiløypa stølsvegen fram dalen. Etter vel ein time, er me på Nystølen. Stølen låg i tidlegare tider lengre heime i dalen, men det seiest at grunna hyppige >>>