Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (1)
- Ice climbing (1)
- Ski trip (7)
-
Trip by foot (35)
- Alpine trip (1)
- Hike (14)
- Hillwalk (17)
Archiv - Geography
Favourite peaks
Påskeskitur til Stølsnøse
- Date:
- 31.03.2015
- Duration:
- 2:20h
- Distance:
- 6.3km
Stølsnøse, flott utsiktspunkt ved Tyin/Tyinkrysset Turen starta frå Fv53 der gamle skiheisen ved Tyin Hotell stod. Dette er ein lett fin tur til eit fantastisk utsiktspunkt. Strålande ver og føre gjorde turen opp til Galdstjernet til ein leik. Oppe på tjernet (1173), reiser Stølsnøset seg majestetisk rett framfor oss. Me skil lag med løypa som går mot Sletningsbu, via Gullringen og nedre Årdalsvatnet og kryssar tvers over tjernet i sør-vestleg retning. Opp bakkane vart det sikk-sakkgåing. Her er det ferske spor etter breide ski i lange slake svingar og me er allereide no byrja å gleda oss til returen. Vel oppe på ryggen flatar det noko ut og me legg kursen sør-austover. Det er masse spor etter hare og rev alle stader, men me lukkast ikkje å sjå nokre av desse flotte skapningane. >>>
Ettermiddagstur til Skjeltrene
- Date:
- 30.09.2014
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 3:07h
- Distance:
- 6.9km
Start ved grensestøtta på E16, mellom Oppland og Sogn og Fjordane. Her er det bru over elva og me kjem på rett side av elva Grøna. Me fylgde ein bilveg så langt den gjekk og fortsette oppover i eit flott artig terreng. Ei slett mark som skrådde fint oppover med ein open bjørkeskog. På 1080 moh dukka det opp ei gamal tuft. Her fann me og stien vidare. Over skoggrensa vart det litt brattare og me fylgde rundt austsida av 1311. Vidare ryggen opp til trig-punktet på Skjeltrene og så til varden på det høgaste punktet. Den store steinen som skulle stå på høgkant midt i varden var bikka over. Me fekk han på plass og sanka nokre steinar for å skora han betre opp. Retur om varden på 1311. Kjempeflott panoramautsikt over heile Filefjell. På turen attende fann me sjølvsagt stien heilt >>>