Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (1)
- Ice climbing (1)
- Ski trip (7)
-
Trip by foot (35)
- Alpine trip (1)
- Hike (14)
- Hillwalk (17)
Archiv - Geography
Favourite peaks
Påskeskitur til Stølsnøse
- Date:
- 31.03.2015
- Duration:
- 2:20h
- Distance:
- 6.3km
Stølsnøse, flott utsiktspunkt ved Tyin/Tyinkrysset Turen starta frå Fv53 der gamle skiheisen ved Tyin Hotell stod. Dette er ein lett fin tur til eit fantastisk utsiktspunkt. Strålande ver og føre gjorde turen opp til Galdstjernet til ein leik. Oppe på tjernet (1173), reiser Stølsnøset seg majestetisk rett framfor oss. Me skil lag med løypa som går mot Sletningsbu, via Gullringen og nedre Årdalsvatnet og kryssar tvers over tjernet i sør-vestleg retning. Opp bakkane vart det sikk-sakkgåing. Her er det ferske spor etter breide ski i lange slake svingar og me er allereide no byrja å gleda oss til returen. Vel oppe på ryggen flatar det noko ut og me legg kursen sør-austover. Det er masse spor etter hare og rev alle stader, men me lukkast ikkje å sjå nokre av desse flotte skapningane. >>>