Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (1)
- Ice climbing (1)
- Ski trip (7)
-
Trip by foot (35)
- Alpine trip (1)
- Hike (14)
- Hillwalk (17)
Archiv - Geography
Favourite peaks
Stetinden
- Date:
- 20.09.2014
- Characteristic:
- Alpine trip
- Duration:
- 7:30h
- Distance:
- 12.5km
Dette var vår laurdagstur på Pakbook-treffet på Leirvassbu, eit arrangement me (Karin og eg) hadde gleda oss til heilt sidan me melde oss på tidleg på året. Og me vart slett ikkje skuffa. Eit omfattande turprogram vart gjennomført og om kveldane kunne me gleda oss over fantastiske bildeforedrag av folk som heilt klart har ”meir i ryggsekken” enn oss. Stor takk til arrangøren med Morten i spissen og vel blåst! Me hengde oss på laurdagsturen til Stetinden. Turen var opplagt som familietur og såg ut til å passa vårt nivå. Godveret frå fredagen forsvann diverre over natta og det var litt grått kring ”nevene” då turfylgjet på 20 starta frå tunet på Leirvassbu kl 09.10. Men alle var opplagde og ved godt mot. Dei fyrste 2,5 km gjekk etter anleggsvegen nedover Gravdalen. Deretter >>>
Skardstinden m. fleire
- Date:
- 23.07.2014
- Distance:
- 14.5km
Denne dagen var det Skardstinden som stod på timeplanen. MortenA og eg fekk med oss div. Dumhøepunkt og sjølvsagt Vesttoppen i tillegg til hovudtoppen. Reiste frå Årdal kl 06.10. og starta å gå frå Geitsetri kl. 08:15. Var på toppen kl. 16.00 etter ein del vurderingar og ruteval. Me rigga standplass for å klatra hammar nr 1, men fann ut at det tok for lang tid. Beslutta difor å gå "klyveruta". Kom oss greit til toppen men det vart diverre for seint på dagen til å gå på Nåla. Me kunne sjå mykje folk på Galdhøpiggen og rett over på Storgrovhø var det òg folk å sjå. Men på Skardstinden var me åleine denne dagen. Fekk ei durabla regnbye siste halvtimen før me kom nedatt til bilen. Klokka var då 21.30. Mykje folk over Sognefjellet og enormt mykje telt, både ved >>>
Memurubu over Besseggen og Veslfjellet til Gjendesheim
- Date:
- 28.07.2008
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 14.5km