Sandfloegga (03.03.2012)


Map
Ascents Sandfloegga (1,721m) 03.03.2012

Det vart ein lang men flott dag med bestigning av Sandfloegga.
Eg og Aina starta heimifrå kl 0515. Meldinga på Yr var delvis skya og ingen lave skyer, men vinden skulle øke på til kuling utover dagen. Me kjørte via Gjermundshavn, Folgefonntunnelen, Odda og Røldal. Me parkerte i austre enden av Ulevåvatnet, ca 3km etter Haukelitunnelen. Det var skareføre som bar godt sjølv om ein gjekk på sko.
Me var klar til å gå fra bilen kl 0940 og skrådde NV i retning Nupstjørna. Når me kom innerst i Nupsdalendalen og skulle opp til Nupsredet tok me skia på sekken.
Det var fint å gå på skaren som var passelig hard og ikkje isete. Det er so pass bratt opp her at ein må vurdere forholda og skredfaren når ein går denne veien, men i dag var ikkje det noko problem.

Nupsdalen mot Nupsredet
Nupsdalen mot Nupsredet

Når me kom opp til Nupsredet dreide me nord og opp eit skar til vatn 1469m. Herfra var det staking og skøyting over dei tre vatna 1469, 1463 og 1460. I enden av sistnevnte festa me igjen skia på sekken og gjekk til fots. Været var fortsatt upåklagelig men no merka me at vinden auka på og innsåg at det ville bli friskt på toppen. Det var flott og lett å gå på skaren og resten av turen opp vart skia stort sett på sekken.

Me ser tilbake mot vatn 1460. Mange topper hadde store hengeskavler østvendt
Me ser tilbake mot vatn 1460. Mange topper hadde store hengeskavler østvendt
Etter kvart som me nærma oss toppen vart det meir og meir vind. På toppen blas det skikkelig friskt og skia som var feste på sekken bidro til at det vart noko ustø gange på toppen. Utsikten var super.
Utsikt mot Hallingskarvet
Utsikt mot Hallingskarvet
Hårteigen
Hårteigen

Me tok bilder og såg oss rundt før me starta på returen. Det frista ikkje å sette seg ned i denne vinden.

På toppen
På toppen

Returen gjekk samme vei me kom opp. Nede på vatna fekk me god hjelp av den kraftige vinden i ryggen og trengte nesten ikkje stake, men til gjengjeld då me kom ned i Nupsdalen fekk me skikkelig motvind. Det vart ikkje noko mat eller pause før me var tilbake i bilen, men då smaka og matpakka godt :-)
Me bruka ca 4 timar opp og 7 timar totalt og lengda på turen vart 31,5 km. Me hadde lite pause underveis. Ein skikkelig flott dag i fin natur

Fleire bilder på
http://www.utifriluft.com/KommunetopperHordaland/Sandfloegga-1721m/21758433_K2jhVR#!i=1734524715&k=2vxf7qb

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.