Høgeloft (10.03.2012)
Ascents | Høgeloft (1,921m) | 10.03.2012 |
---|
9-11 mars 2012.Telttur på Hemsedalsfjellet med topptur til Høgeloftet 1920m. Jørn, Mats, Ingerid, Aina og meg hadde for lang tid tilbake avtalt telttur med ski og pulk denne helga, og målet var Fuglafjellet i Kvam. Etter kvart som helga nærma seg vart det klart at været kom til å bli dårlig på heile vestlandet. Mildvær med plussgrader opp mot 1000m og mykje nedbør var dårlig nytt, men me hadde satt av helga og tur skulle det bli. Me måtte berre komme oss høgare opp og helst litt lenger øst. Yr vart grundig sjekka og Vikafjellet, Tyin, Filefjell, Haukelifjell og Hemsedalsfjellet vart vurdert. Overalt skulle det bli mykje vind men totalt kom Hemsedal best ut og dermed bar det av gårde dit når fredagen kom. Eg sjekka ut aktuelle topper i området og fant fort ut at Høgeloftet på 1920m måtte være eit mål om været tillot det.
Me kjørte heimifrå kl 1330, møtte Mats og Ingerid på statoilen Voss for ein kaffikopp før det bar vidare til Hemsedalsfjellet. Parkerte i vestre enden av Eldrevatnet og var klare til å gå fra bilen ca kl 1715. Me gjekk ca 4km og fulgte meir eller mindre veien som går inn til Sulevatnet og slo leir i ca 1290m høgde. Etter middag og ein liten cognac vart det forholdsvis tidlig kveld.
Det blåste friskt om natta men om morningen var det roligare og kl 1000 var me klare til å gå mot Høgeloftet. I følge siste værmeldinga me hadde fått med oss skulle det blåse 18m/sek i dag, so me forventa at det ville bli ein frisk tur. Vinden øka raskt på og i kombinasjon med snø vart det dårlig sikt. Uten GPS hadde det ikkje vert mulig å komme til topps her i dag. Likevel var det ganske greit oppover då me hadde vinden i ryggen. På toppen må det ha blåst godt over 20m/sek og det vart ein historisk kort pause på toppen, eit par kjappe bilder so bar det nedover igjen. No fekk me som sagt vinden rett imot og sikten var i perioder lik null. Det var berre å følgje sporloggen tilbake. Det vart ein frisk topptur med feller på både opp og ned, men morro var det likevel. Me var tilbake til teltet i 13 tida og resten av dagen vart tilbrakt i leiren. Om ettermiddagen i fire tida fekk me ein kort periode med blå himmel som varte akkurat lenge nok til at eg fekk tatt litt bilder av leiren i skikkelig lys.
Om kvelden inviterte Mats og Ingerid på pannekaker. Mats hadde og eit lite utvalg godsaker til å ha i koppen. Pannekakene var kjempegode og gjekk ned på høykant og det gjorde for så vidt godsakene i koppen og :-) Det vart ein flott kveld med god steming i teltet mens vinden ulte på utsida. Søndag morgen var det fortsatt dårlig sikt og etter frokost vart leiren tatt ned og me satte kursen heimover. Kjempe helg med maksimalt utbytte i sånt vær.
Bilder frå turen:
http://www.utifriluft.com/Friluftslivturersommarogvinter/Vintertur-Hemsedalsfjellet/21883045_c752Kd#!i=1744878360&k=W77jqzB
User comments