Uranosryggen-Sagitraversen-Mjølkedalspiggen (09.08.2014)


Turlengde 13t 56min
Distanse 21,5km
Høydemeter 2958m
GPS
Bestigninger Mjølkedalspiggen (2040moh) 09.08.2014
Vest for Mjølkedalspiggen (1950moh) 09.08.2014
Sagi N2 (2025moh) 09.08.2014
Nørdre Sagi (2040moh) 09.08.2014
Sagtakk mellom Sagi S og N (2030moh) 09.08.2014
Søre Sagi (2040moh) 09.08.2014
Slingsbytinden (2026moh) 09.08.2014
Uranostinden (2157moh) 09.08.2014
Uranostinden S1 (2037moh) 09.08.2014
Uranostinden S2 (2048moh) 09.08.2014

Uranosryggen-Sagitraversen-Mjølkedalspiggen

Eg og Jørn reiste til Koldedalen fredag kveld for å møte ein gjeng fra Osterøy klatreklubb som skulle over Uranosryggen dagen etter. Eg og Jørn skulle i tillegg til Uranosryggen ha med oss Sagitraversen og Mjølkedalspigen. Torbjørn og Magnus fra klatreklubben spurte om å få slå følge på vår lengre tur, noko som sjølvsagt var ok.
Kl 0600 neste morgen var me på vei innover mot sørryggen. Me var ikkje komt langt oppover ryggen før vinden røska godt i klær og sekk, og sånn skulle det bli resten av turen. Det gjekk raskt oppover og snart stod me på den sørligste toppen. Greit vidare til Søre. Eg har gått ryggen aleine tidligare og regna med at tauet vart liggande i sekken, men da me nærma oss foten av Uranostinden vart det ønske om å bruke tau. Me knytta oss inn og gjekk resten løpande på enklaste måte til toppen. No letta skodda og me fekk god sikt mot dei neste måla for dagen.
Fortsatte ned nordryggen, la sekkane fra oss og tok ein rask tur opp på Slingsbytind. Når me var nede igjen tok me ein matbit før me fortsatte over breen og peila oss inn på Sagi. Greit opp på fortoppen og Søre Sagi. Der eggen smalna av tok me på tau og gjekk på løpande forankring. Vind med kuling styrke gjorde klyvinga ekstra spennande. Greit vidare til Nørdre og N2. Da var det berre å ta fatt på returen. Her brukte me litt lenger tid da eg sikra ein og ein fra hammeren og over den smalaste eggen.
Da var Mjølkedalspiggen neste. På veien var eg oppom toppen vest for Mjølkedalspiggen. Me la sekkane og det meste av utstyret igjen før den siste oppstigningen, men tok med tauet. Hammeren før toppen kom me greit opp. Dagens siste topp var nådd. Me tok samme vei tilbake, men det var ikkje like enkelt ned igjen hammeren og Jørn og Torbjørn tok ein liten rappell her. Det går ei lita renne på sørsida av hammeren(mot Mjølkedalsbreen) som var heilt grei å klyve ned, men den er ikkje so lett å sjå når ein kjem oppifrå. Returen fortsatte over Mjølkedalsbreen og ned Uranosbreen. Tilbake til bilen kl 2000 etter 14 timar på tur. Ein skikkelig flott tur.
Bilder: http://www.utifriluft.com/2000mtoppersommarogvinter/Uranosryggen-Sagitraversen/

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.