Archive - Date
Archive - Activity
Favourite peaks
Bukkeholstraversen
- Date:
- 17.09.2011
Bukkeholstraversen har eg tenkt på lenge men vær og tid har gjort at eg mest hadde avskrevet turen i år. Når eg fredag morgen sjekka værmeldinga og det låg an til eit nydelig vær i Jotunheimen lørdag kom naturligvis tankane om denne opp igjen. Søndag var ikkje meldinga noko god så eg grubla litt på korleis eg skulle rekke å gjennomføre dette. Etter arbeid fredag vart det lagt ein ambisiøs plan. Eg og Aina bestemte oss for å kjøre heimifrå ved midnatt fredag kveld, gå turen for deretter å kjøre heim igjen på direkten. Det låg an til ein skikkelig maraton tur. Kl 2400 satt me i bilen og kl 0515 stod me parkert ved Leirvassbu. Me hadde tatt med kvar vår sykkel som var lagt av der me regna med å komme ned igjen. Etter ein ”God Morgen” youghurt var det berre å traske >>>