Archive - Date
Archive - Activity
Favourite peaks
Hardangerjøkulen
- Date:
- 28.01.2012
Eg og Jørn på helgatur til Finse. Me ankom Finse fredag kl 1845. Teltet satte me opp på Finsevatnet ca 500m vest for stasjonen. Målet for helga var Hardangerjøkulen der eg skulle få med meg kommunetoppane til Ulvik og Eidfjord og i tillegg håpa me og få brukt skiseila mest mulig. Lørdag var det meldt brukbart vær med sol og litt vind. Me hadde planlagt tur til Jøkulen denne dagen og håpa å få brukt skiseila på turen. Det vart overskya, flatt lys og dårlig sikt so skiseilet vart hengande på sekken heile dagen. Me var innom appelsinhytta og Jøkulhytta på turen. Sikten var dårlig og då me skulle sikre at me var på høgaste punktet i Eidfjord var gps'en grei å ha. Søndag vakna me til skyfri himmel og sol. Då det var vindstille nede på Finsevatnet vart det til at me gjekk >>>
Horndalsnuten
- Date:
- 22.01.2012
Eg, Aina og Jørn avslutta ei super skihelg med topptur til Horndalsnuten 1461m. Fredag var det kveldstur med hodelykt på Olsnesfjellet og der gjekk turen også lørdag. 2 flotte turer, men det vert noko anna og få 1100hm til ein topp som Horndalsnuten. Planen for dagen var egentlig Skipadalsnuten som ligg aust for Horndalsnuten. Då me kom inn til stølen i Horndalen falt valget likevel på Horndalsnuten. Det var ein del vind på toppen og lunsj vart tatt inne i bivuakk sekk. Det var litt avblåst oppe men likevel stort sett flotte forhold og få isete parti. Nedover mot Horndalsbotn flott pudderføre. Flanken under Skipadalsnuten ser forlokkande ut. Ein vårskitur her er allerede planlagt. For bilder: http://www.utifriluft.com/Ski-og-toppturer-vinter/Horndalsnuten-220112/21143165_DMp7C7#!i=1682070090
Horndalsnuten
- Date:
- 14.01.2012
I dag tok eg og Aina turen på Horndalsnuten 1461m. Me starta heimifrå kl 0800 og etter ein kort stans for å fylle statoilkoppen på Voss bar det oppover Raundalen. Me parkert bilen på Skiple. kl 1030 var me var klare til å gå frå bilen, og då dukka Glenn og Alexander opp. Dei hadde parkert litt lenger oppe og kom nedetter veien på ski. Dei skulle også på Horndalsnuten. Eg var klar over at dei hadde dette målet i dag men forventa ikkje at det skulle klaffe sånn at me starta samtidig. Me fulgte traktorveien som går mot Horndalen ca 2,7km. Der veien går over til sti mot Horndalen tok me rett oppover eit bekkefar til ca 800m der me dreia østover og opp på ryggen(Horndalsbruni) og fulgte ryggen til toppen. Bortsett frå enkelte parti med hard skare var det flotte forhold. Det hadde >>>