Archive - Date
Archive - Activity
Favourite peaks
Drangskollen
- Date:
- 29.02.2012
Eg og Aina på ettermiddagstur. Me kjørte til Fotlandsvåg og parkerte bilen i sving nokre hundre meter før Kleppe. Gjekk nord mot tjørn(Nordretjønna) og oppdaga då at det går vei inn her. Denne var eg ikkje klar over, må sannsynligvis gå frå Kleppe. Me runda Nordretjønna på vestsida og fulgte ein sti som tok oss fram til toppen av ein skrent rett over Haugo gård. I stien som gjekk ned skrenten til gården var det lagt opp tau til å holde seg i. Me fortsatte forbi gården i retning Drangevåg, over på Drangsøyni og fortsatte på nordsida av vågen ut til nedlagt gård og vidare opp skardet bak gården til topps. Regn, skodde og null sikt. Det vart også mørkt etterkvart og hodelykta måtte fram på returen. 6,2 km og 1 time og 50 min.
Stangfjellet
- Date:
- 27.02.2012
Kveldstur på ski til Stangfjellet. Det var meldt regn på ettermiddagen men i dag var eg fast bestemt på ein skitur til Stangfjellet etter jobb. Eg droppa middag og pakka i bilen når eg kom heim i håp om å komme avgårde før det starta å regne. Aina ville være med, treng som vanlig ikkje å overtalast :-) Det begynte å regne når me kjørte heimifrå, men pytt sann med gode klær har det liten betydning og det var jo forventa. Me kjørte til Njåstad og fulgte stien mot Fagerstølsvatnet og vidare til Lonkollen før me dreide opp mot toppen. Føret var greit, med kompakt våt snø er det lett å gå. Det starta å mørkne når me var på toppen so hodelykta vart brukt på returen. Turen ned att var skikkelig morro. Ein flott skitur i regn er ikkje kvardagskost :-)
Bergsbukken
- Date:
- 19.02.2012
I dag besøkte me Bukkane i Bergsdalen. Som vanlig var turfølge Aina og Jørn. Me starta frå Småbrekke kl 1045, via Moadalen og inn til Grågavltjørnane der me dreia NV og meir eller mindre rett på Liabukken. Rett før oppstigninga mot Liabukken traff me på 2 reinsdyr. Hadde kun vidvinkel på kamera men tok likevel nokre bilder. Litt ryper såg me og på turen. Det blas kraftig på toppen og det vart ein kort stans på Liabukken før me fortsatte bortover til Bergsbukken. Her var det av med fellene og kjøring ned i retning Småbrekkebukken. Nede i skardet var det nesten vindstille og me tok lunsj. Etterpå var det på med fellene igjen og trasking opp på toppen av Småbrekkebukken. Vinden var som venta sterk på toppen og etter at den obligatoriske foto seansen var det berre å få >>>