Archive - Date
Archive - Activity
- Ski trip (4)
Favourite trips
Rundtur: sørsida av Standalseidet
- Date:
- 09.08.2014
Langtur via mange topper. Tok av frå vegen til Standalseidet etter nokre hundre meter etter krysset i Follestaddalen og parkerte i enden. Først gjekk turen til Sandhornet, deretter over Grøthornet til Hellefjellet. Hittil veldig greit å gå. Vidare over egga til Kalvedalstinden. Usikker på kva som kunne møte oss her, så klatreselen kom på om det skulle bli behov for sikring, men det var veldig greit å gå, litt klyvring. Frå Kalvedalstinden gjekk vi egga vidare til Blåtindane og klyvra først opp på Søre Blåtind før vi klyvra vidare til Nordre Blåtind. Grei klyvring til begge, men der var mykje laus småstein og vi velte eit litt vanskeleg opptak heilt i starten mot Søre. Etter Blåtindane gjekk vi egga mot Nordre Grøtdalstind og klyvra opp nordsida. Mykje klyvring som krever >>>