Lynghalstinden 2014 (18.05.2014)
Ascents | Lynghalstinden (1,100m) | 18.05.2014 |
---|
Dagen etter dagen (17. mai :) gjekk turen til Lynghalstinden, på Sæbø.
Det var noko heilt spesielt å få starte tindesankingssesongen så tidleg som i mai, men den varme våren hadde smelta vekke snøen på dei spisse taggane. Heilt perfekt for meg som lenge hadde drøymt om fottur-sesongen. StigPetter (Stig Petter Driveklepp) og Trygve (Trygve Hamre) var med på turen. :)
Lynghalstidenen blir omtalt som særs luftig, og mange vel å bruke sikring den siste biten opp til toppen. Vi hadde pakka klatreutstyr i sekkane, men dette fekk vi denne dagen ikkje bruk for. Fjellet var tørt og fint å klyvre på. Har ein kontroll på høgda er det ikkje noko problem å klyvre dette partiet utan sikring, men dersom det hadde vore litt sleipare fjell hadde vi nok brukt sikring opp.
Når vi kom på toppen, var det terapi for sjela å sjå seg rundt. Skua utover Hjørundfjorden kan ikkje beskrivast med ord, men eg prøvar med bilde. :)
User comments