Vårskitur i Eidfjord (23.04.2016)
Ascents | Hellefjell (1,263m) | 23.04.2016 |
---|
Turen starta frå Høl hyttegrend og gjekk opp Hølalia. Vidare vest for Skisete og i dalføret mellom Hallingahaugane og Høloksla. Til slutt opp og utover langs ryggen til den flotte varden på Hellefjellet. Fantastisk utsikt utover mot Eidfjord og innover fjellet mot Hardangerjøkulen og Hallingskarvet. Denne dagen baud på silkeføre og ein eventyrleg nedtur same vegen som me kom opp.
User comments