Topptur på trøndersk (21.05.2016)
Ascents | Jønnemsklumpen (530m) | 21.05.2016 |
---|
På besøk hjå slekta i Beitstad fekk me med oss ein tur til Jønnemsklumpen. Dette er høgaste toppen i dette området, og me får ei flott utsikt over trønderske fjell. Ein heilt anna type fjell-landskap enn det me er vane med, med definitivt ein fin tur.
Vår tur starta i tunet på Opdal østre, og gjekk først beint opp lia på traktorveg. Når traktorvegen tek slutt er det vidare på sti oppover lia og innover (nordover) fjellet. Turen frå Opdal tek 30 - 40 minutt. Frå toppen kan ein blant anna sjå austover til Skjækerfjella og sørover mot Sylan.
User comments