Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Topptur på Ådnøy

Date:
30.08.2015

Gjekk frå damskipskaien på god grusveg innover Grunnevågen. Turen gjekk vidare på ein gamal overgrodd veg forbi Storådnøyna og mot toppryggen i søraustleg retning. Oppe på ryggen var stien overgrodd av buskas og svært vanskeleg å finne. Flott utsyn over Høgsfjord heile vegen oppover mot toppen av Rudlo (206).

Map    

Nordstølfjellet

Date:
29.08.2015

Skrøylå over Fossmork var utgangspunktet for turen. Herfrå bar det bratt opp lia på den merka stien til Holtastølen. Frå Holtastølen var det ikkje langt opp på Nordstølfjellet. Frå toppen var det flott utsyn over lysefjordområdet. Eg fortsatte så austover over Salen, kor trig. punktet i området står. Kom ned på annleggsvegen langs Fossmorkåna.

Map     1 comment

Topptur frå Vinddalen

Date:
23.08.2015

Parkerte i grustaket i Vinddalen og gjekk på stølsvegen til Mikkelstølen. Gjekk så opp på ryggen (NV for stølen) over Vindalsknuten og opp på Tyllebakknuten (858m). Frå toppen var det god utsikt, særleg idag. Flott utsyn over området og bla. Skåpknuten (953m) og Neverdalsfjellet (706). Gjekk så rett ned til tjørna (SV for Tyllebakknuten)og opp på ryggen mot Tormodknuten (812m). Her var det flott utsikt over Vinddalen og Espedalen. Ein stor og solid varde sto på toppen. Gjekk på ryggen ned til Mikkelstølen og same veg ned i Vinddalen. Fint vær, men ein god del vind på toppane. Flott tur i flott område.

Map    

Vedafjell

Date:
14.08.2015
Map    

Lifjell

Date:
13.08.2015
Map    

Vaseknuten og Stakkvikknuten

Date:
09.08.2015

Parkerte på Gilja og fulgte merka sti mot Madland. Fulgte stien forbi Brekkestølsvatnet og Djupevatnet før eg tok av til Vaseknuten omlag i skaret mellom Vaseknuten og Stakkvikknuten. Etter å ha våre på Vaseknuten gjekk eg ned til Risatjørn og opp på Stakkvikknuten frå aust. Austsida av Stakkvikknuten var mykje slakere enn den bratte vestsida. Herfrå gjekk eg rett ned til Brekkestølsvatnet og vidare på annleggsvegen ned til Gilja.

Map    

Morkastølen

Date:
07.08.2015

Parkerte bilen på parkeringen i sørvestenden av Ragsvatnet. Turen starta med å gå opp den voldsomt bratte Hegdabakken. Her var det ein tydeleg og god sti. På toppen av bakken var det restar etter ein uteløe. Herfrå tok me snarvegen over Tagaskaret og kom ned i Svartedalen. Gjekk opp Svartedalen til Stølsvatnet. Morkastølen ligg bratt til i lia på nordsida av vatnet. Vegen opp Hegdabakken skal visstnok ver den raskaste vegen hit. Taket på stølsbua har no rast samen. Gjekk nordover for stølen og opp på heia til Russedalsberga 647moh. Gjekk så ned i Svartedalen og til Kyrkjestadvatnet for så opp på Kjørkjestadnuten 455moh. Gjekk vidare forbi Ragsstølen og ned Hegdabakken til bilen.

Map    

Viddasfjellet

Date:
04.08.2015
Map    

Neverdalsfjellet

Date:
03.08.2015

På Preikestolen har eg våre fire gonger før, men dette var første gong eg gjekk opp til varden på Neverdalsfjellet.

Map    

Gryteknuten

Date:
02.08.2015

Parkerte på Preikestolhytta og fulgte merka sti mot Ulvaskoghytta. På høgdedraget før ein kjem ned i Gydalen sto det eit skilt mot Gryteknuten. Herfra gjekk det fort til toppen. Brukte omlag 1 time på turen.

Map    

Advertisement