Siste skitur i år? (08.08.2015)
Ascents | Punkt på Fresvikbreen (1,642m) | 08.08.2015 |
---|---|---|
Fresvikvarden (1,180m) | 08.08.2015 |
Overnatta på Jashaugbu (Vik Turlag). Regn og skodde på morningen, men letta etter kvart.
Tok på skia like ved hytta, men dei måtte av eit par gonger den første kilometeren. Gjekk nesten til Langfonnvatnet, før vi tok av nordover. Kryssa oppover mellom berghamrane, før vi kom inn på breen. Nesten oppe, la skodda seg rundt toppen. Til tross for dårlege batteri på gps`en, konstaterte vi at toppen var nådd. Regn og surt akkurat der, så det var berre å returnere, for så å konstatere at sola kom tilbake på toppen. Fint renn tilbake til hytta.
3 t opp, 2,5 tilbake.
User comments
Kjørbar vei?
Written by knutsverre 09.08.2015 18:21Var det kjørbar vei til Jashaugbu nå? Kan du legge inn GPS-spor?
Sv: Kjørbar vei?
Written by Olepetter 09.08.2015 18:52Hm. Får de ikke åpnet den veien snart, snakker vi jammen om en kort sesong... :)
Sv: Kjørbar vei?
Written by agnar 09.08.2015 21:15Låg ei fonn siste 20 m fram til parkeringa, så vi parkerte i veikanten. Har ikkje gps-spor, då eg ikkje hadde med nye batteri. Fekk akkurat konstatert at vi var på toppen, før den kutta ut etter 20 sek. Minkar på snøen første del av turen, men resten vart heilt topp.