bakken59

bakken59

Kristin Bakken
(Member since: 27.04.2014)
Birthday 21.05.1959
Country Norway
Account GSM GSM
bakken59_dsc_0121_-_2014-04-27_at_13-44-52.jpg
Eg er ei telemarking som har budd i Oslo i 34 år, og som har feriert på hytta i Seljord blant nutar og fjell sidan eg var nyfødd. Dermed har eg blitt svært godt kjend i eit lite utsnitt av norgesgeografien. For nokre år sidan skjønte eg at eg ikkje har tid til å vente med alle dei fine turane eg ønskjer å ta andre stader - livet går så fort unna! I nyttårshelga 2010/2011 las vi i a-magasinet om kommuneprosjektet til Otto og Inger Lise. Og venninne Anne og eg bestemte at dette er eit ideelt prosjekt for oss! Anne er orienteringsløpar og sprek, og sjølv om eg ikkje er like sprek, likar eg fjell og nutar, reising og geografi, kulturhistorie, og er dessutan ein konkurranseminded samlar! Kommuneprosjektet er heil ideelt for meg, og eg kosar meg meg gjennomføringa og ikkje minst med planlegginga av turar. Eg starta prosjektet sommaren 2011 med ein fabelaktig tur til Oksskolten. Målet for 2014 er å ha haka av 135 kommunar og fullført Telemark, Vestfold og Akershus.
bakken59_20140406_124551.jpg
bakken59_20140426_141623.jpg

Vestre Kalvehøgde
bakken59_20140418_150407.jpg

Hestedalnutan, Skorve i Seljord

Status pr 22.12.2014: Det blei 29 nye kommunar og no totalt 139 kommunar haka av. Eg blei ferdig med Vestfold, Akershus og Telemark. Året har vore heilt fantastisk både på beina og på ski, og det motiverer veldig for neste år. Eg prøver meg på eit årsmål på 21 nye kommunar - totalt 160, det blir verre i år, for det er ikkje så mange nære kommunar att. Eg fablar om Bygland og Forsand kombinert med ein køyretur vestover langs Suleskardvegen. Så ei veke med Anne og Eirik i sommar, kanskje til Nord-Noreg att? Eg gir Folarskardnuten til broren min i julegåve, og eg har også lyst på Raudbergnuten, deremed bør eg kanskje greie å fullføre Buskerud og Østfold neste år? Vestre Slidre har eg ei halv avtale saman med ein kompis med hytte på Vaset, og kanskje eg endeleg greier å gå til Sandfloegga i juni saman med Telemark turistforening? Og kva med 2000- meterstoppane? Hadde vore kult å prøve meg litt ordentleg i høgda i sommar. Mykje å gle seg til - om helsa held og eg greie å rydde plass i kalenderen.

Nyttårsaftan 2015. Det har vore eit flott turår. Målet på 21 nye kommunar blei nådd. Endte på 23. Eg opererte akilleshælen min 25. august, og har hatt ein pause etter det i haust. Men hælen lovar godt, så eg er veldig optimist med tanke på 2016. Høgdepunkta i 2015 var nok dei seks flotte toppane i Troms, dei to i Rondane, og kanskje aller flottast: Sandfloegga på ski i mai. Men turen til Byglands høgaste var også minneverdig. Den turen gjekk eg i august. I tillegg har eg drive litt med Telemark-prosjektet mitt, og manglar no berre tre toppar før eg har 500 pf-toppane i Telemark komplett. Så det er vel planane for 2016 då: Fylle på med dei tre Telemarkstoppane eg manglar med 500pf. Og i sommarveka med Anne og Eirik skal vi til Møre og Romsdal i år. August blir det vel denne gongen. Og eg greidde jo ikkje dei to siste i Buskerud i 2015, dei to største, så det er eit mål i år også. Og så vil eg veldig gjerne huke av eit par 2000-meterstoppar i år også, har tenkt på Surtningssue og Storstyggesvånåtinden. Vi har alt booka tur på Folgefonna, så er vi heldige med vêret, kan dei tre toppane kanskje kryssast av i år, det hadde vore stort! Elles er det langt å køyre no for dagsturar, men Vestre Toten, Gjøvik, Søndre Land og Nord-Aurdal og står no på planen. Og det same gjer Grue, har ein kjenning med hytte der som eg er invitert til. Om alt dette kjem på plass, byrjar eg å nærme meg 20 kommunar i år også. Så då set eg det til årsmålet i år: 20 nye kommunar og 3 kremtoppar i Telemark. Satsar på at foten er betre i år, og har aller mest lyst til å få nokre draumevårturar på ski!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.