Dovre for første gong (19.09.2014)
Ascents | Snøhetta (2,286m) | 19.09.2014 |
---|---|---|
Snøhetta Midttoppen (2,278m) | 19.09.2014 |
Etter to dagar med seminar på Kongsvoll og ein liten tur over Hjerkinnshøe, valde eg å hoppe av ein av bilane på Hjerkinn og ta bussen inn til Snøheim fredag morgon (1045-bussen). Møtte ein kollega frå jobben på bussen som var i eit følgje. Heldt litt følgje med dei til inn til Gamle Reinheim, før eg gjekk litt frå. Det var stille og sol, med nokre lette skyer og dis som etter kvart låg under meg. Gjekk i t-skjorte opp, men kledde på meg då eg kom opp, og sat og og rasta i ein time eller noko sånt. Utruleg flott. Litt usikker på om eg torde å gå bort til Midttoppen, men to damer av min type ville prøve seg, så vi gjekk saman. Det var heilt kurant, i alle fall så lenge ein ikkje feste blikket ned i avgrunnen! Flott utsyn ned på baksida av fjellet med irrgrønt vatn. tilbaketuren til Stortoppen gjekk veldig greitt, ura vi hadde gått ned som då var litt ekkel med glatt steinhard snø, var mykje lettare å gå opp att. No hadde det letta heilt opp, og i 360 grader såg eg heile verda.
Så starta vi nedturen, no tre damer i følgje og eg. Lånte bort den eine staven min. Ganske tung nedtur, eg brukte 2,25 opp og 2,30 ned! Må jo berre karakteriserast som éi samanhengjande steinur dette fjellet. Vel framme på Snøheim, var eg glad for at eg hadde bestemt meg for å vere der natta over. Så det blei dusj og middag og raudvin og godbok i peisestua. Her har Riksantikvaren gjort ei fin freding tykkjer eg! Tur på eiga hand dette altså.
User comments
Nydelige bildet
Written by anneirik 02.10.2014 03:20Skulle gjerne vært med deg her, ja! Hyggelig du fikk selskap på veien ned.