Vi trefte Skarverenn-helga i år, men det gjorde ingenting
Moro å få sjå eliten opp dei første bakkane. Vi tok av løypa deira på det første platået, og gjekk til Flakavatnet og så gjennom Kyrkjedøri. Sol og litt vind, godt føre, vr 50 heile dagen. Vi gjekk ein liten runde bakom der og tok så opp gjennom og det skaret som ender heilt nord i Flakavatnet. Så heldt vi mot vest og gjekk opp Flakavassfonni som eg trur den heiter. Vi kom då opp mellom to av Flakavassnutane, og derifrå rann vi ned og så opp til Sanjt Pål. Vaffel på Klemsbu og så ned til Finse. Olaf, Knut, Ellen og Dagfinn var med.
User comments