Reinshornheii i vind og sol (08.08.2015)


Characteristic Hillwalk
Duration 9h 30min
Distance 22.5km
Vertical meters 988m
Map
Ascents Reinshornheii (1,161m) 08.08.2015

Etter Roan i går overnatta vi i Valle, og starta frå parkeringa ved Suleskardvegen kl 0930. Uventa grått ver, yr varsla stor gul sol, men vi starta i yr og regnklede. Øyuvsbu, dnt-løypa forbi Øyuvsvatnet, søyle og myrar, så til Sandvatnet, Sveinstjønni og så Vidalega. Etter stigen forbi Øyuvsvatnet er løypa fin, godt merkt og variert trase med flotte bekkar, to litt større elvar som det var litt spennande å krysse. Nydelegaste parti var vel rundt Sveinsvatnet og særleg stølen på nedre Vidalega. Vi valde å følgje dnt-traseen eit lite stykke oppover, og heldt så mot aust ut av sporet. Vi skulle nok ha tatt av lengre nede, for vi endte opp mellom vatna 1062 og det andre mot nordvest. Derifrå kom vi greitt opp til toppen frå sør. Gjekk rett ned i Videdalen nedatt, på sørsida av dalen var det etter kvart grei sauestig, og vi kom rett ned til den nedre stølen. Vil nok rå andre til å følgje bekken austover frå denne stølen, hald til høgre opp langs bekken. Vi møtte to personar på turen, to tyskarar som kom frå Gaukhei og skulle til Øyuvsbu. Imponerande med desse unge europearane som finn fram til det inste av norsk natur slik. Vi møtte dei ved den øvste hytta ved Vidalega, der var det for øvrig også folk, i alle fall flagg og opent vindauge! Telt ved Sandvasslega, mykje folk, telt og kanoar ved Øyuvsbu. Dyreliv: sau i alle nyansar mellom kvitt og svart, elles ei rjupe, to ramnar og to rovfugl (våk? Hauk?). Supert ver frå toppen og heim, sol heile heimvegen og vind heile dagen. 22,5 km (slitne føtter), 9,5 timar ute, ca 7,5 timar netto gange, og 988 hm. Helge var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.