Ny dag på Vestfjøllet (22.03.2016)


Start point Vinsvål
Characteristic Backcountry skiing
Duration 5h 30min
Distance 23.5km
Map
Ascents Storegrønnuten (1,126m) 22.03.2016

Ganske bra vær idag også, og det viktigaste - hard skare. Vi køyrde fem stykke til Vinsvål og parkerte. Gjekk til Røynbrekk. Opp sjølve Røynbrekka bar vi skia, og så bar det innover til Kinsarviktjønni, Vorvatn og så opp dei lange fine draga sudover mot Storegrønut. Møtte først ein mann og så to damer. Dei to var dei same eg møtte i går, og mannen var ein vi møtte i fjor og rasta saman med. Vi er svært få som har Vestfjøllet som turområde, og dei sjeldne gongene ein møter folk, er det gjerne dei same. Det bles litt på toppen, men vi rasta likevel i lyngen på toppen. Så skikrets vi. Dei fire andre gjekk tilbake same vegen, medan eg gjekk sudover og opp på nabotoppen der eg aldri har vore før. Ikkje peakbookelement. Så ned Bjålandsdalen og tilbake og rundt fjellet. Følgde spora til dei andre tilbake, men ingen bil venta på meg, så eg gjekk i slush og med bakglatte ski heilt heim til hytta. 23,5 km.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.