Flotte sva i Roholtfjellet (11.06.2016)
Ascents | Roholtfjellet Vest (1,017m) | 11.06.2016 |
---|---|---|
Roholtfjellet Øst (1,005m) | 11.06.2016 |
Køyrde frå hytta til Heia og byrja å gå vestover kl 1200. Sol i starten, meir skya etter kvart, men opplett og god temperatur. Rast første gong på austre toppen, prøvde å følgje stig vestover langstoppeggen, men skjønte at det blei for bratt å kom oss ned, så vi snudde og gjekk ned same vegen vi hadde kome opp. To tau var lagde ut for å hjelpe på klyvinga. Litt vrient for hunden! Så gjekk vi langs austre toppen på sørsida, kryssa ved nokre små pyttar som låg som basseng ute på svaberga. Lekkert! Oppe på høgda under vestre toppen gjekk eg frå hund og turfølge for å ta toppen i raske kliv. 9 minutt opp utan sekk og hund. Same vegen tilbake. Dramatisk og sjeldent terreng. Litt Ronja Røvardotter-vibbar! Møtte 15 personar fordelte på 5 følge. Såg ein hoggorm. 17 km, 6 timar og 38 minutt, 975 hm. Marit og Uncas var med.
User comments