Deilig i Åmotsdalsheiane (26.07.2016)  6


Characteristic Hillwalk
Duration 5h 30min
Distance 12.0km
Vertical meters 700m
Map
Ascents Fyljomsnuten (1,169m) 26.07.2016
Gryvla (1,197m) 26.07.2016

Køyrde frå hytta og opp bomvegen inn Heiådalen. (50 kr i kontantar i kassa ved Fossheim.) vi parkerte ved Slettevad, gjekk inn vegen til staulen Vierdokki, og opp stigen til staulen Geitenuten. Deilig vêr å gå i, heldt til venstre for Geitenuten, opp til Skinnuttjønni, vidare ned til bekken og så opp den flotte tørre ryggen til toppen. Det kom drivande ei regnbyge vestfrå, men vi gjekk akkurat klår av den, og hadde så hyggjeleg rast i sol. Vi bestemte oss for å bruke den fine dagen litt meir offensivt enn å gå same vegen tilbake. Dermed rutsja vi ned austsida av toppen til Fyljomtjønni, og der klora fem av oss oss opp til Fyljomnuten frå sudvest. Det er bratt der og ur, men fordi vi såg ei grøn renne oppover, tenkte vi at det burde gå an, og ganske riktig, bratt, men heilt trygg klyving i lyng. Herleg utsyn både frå Gryvlun og Fyljomnuten. Favoritterreng dette! Vi gjekk ned søraustryggen, og følgde stig ut dalen på vestsida. Erling, Knut, Torbjørn, Vilde og eg tok begge toppane, medan Anniken og Kari og Uncas stod over Fyljomnuten. Uncas er gammal no, og var den som var slitnast etter turen. Vi gjekk i 5,5 timar inkludert gode pausar. Høgdemetrane var ca 700. Erling logga 12 km.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.