Ganske krevjande tur til Elgspiggen (12.08.2016)
Ascents | Elgspiggen (1,604m) | 12.08.2016 |
---|
Køyrde frå Femundsenden opp Holøydal, og parkerte ved bommen Øvertjønna nedst i hyttefeltet. Følgde hytteveg/traktorveg til vel forbi tregrensa. Så nedatt til elva som vi kryssa på gangbrua. Eit stykke langs elva i bjørkeskog til vi kom opp over tregrensa att. Følgde t-merkt stig litt for langt på høgresida av bekken, kryssa og gjekk på retning mot toppen. Trur det er mellom 350-400 høgdemeter som vi forserte i ura. Alt gjekk greitt, men brukte altså 2 timar og 45 minutt opp på 8,5 km. Meir enn vi hadde tenkt oss. Heimturen gjekk også greitt, korta traseen med 500 meter eller så ved å gå stigen til høgre for bekken lengre ned før vi kryssa tilbake på den raudmerkte stigen til venstre for bekken. Brukte 5 timar og 22 minutt på turen totalt inkludert pause på veg ned og fotopause på toppen. Grått vêr, motvind heile dalen på veg inn til toppen. Forbausande stille på toppen, og vinden i ryggen heim. Den siste timen gjekk vi i jamnt regn. 16,5 km. 1009 hm. Anne og Eirik var med.
User comments