Endå ei reprise : Gaustaråen (18.09.2016)  4


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 47min
Distance 8.2km
Vertical meters 433m
Map
Ascents Gaustaråen (1,614m) 18.09.2016
Gaustaråen punkt SØ for topp (1,615m) 18.09.2016

Ny tur som følgje for Anne som jakta nye toppar. Ikkje fullt så flott ver som dagne før, men fin temperatur, og litt skiftande skydekke, men mest grått. Dagen før hadde det vore nattur i måneskin til toppen med nattkonsert som beløning, det må ha vore fint, for laurdag kveld var uvanleg fin med kvit himmel og måne. Mykje folk som alltid opp mot Gaustatoppen. Vi drog på oppover, men i staden for å byrje på den siste kneiken då vi kom opp på platået under toppen, gjekk vi ut i steinura med gps og fann Gaustaråen og punktet sør for den. Dessverre var dette akkurat høgt ok oppe til å gå inn i skydekket, Gaustatoppen låg inne i ein kvit dott heile turen, og sidan vi skulle heim til Oslo - og for Anne sin del Halden, stod vi over toppen - for utsyn hadde det n ikkje blitt der oppe. Men Anne fekk med seg Hjartdal i samlinga si, og vi var glade og nøgde. På tur ned møtte vi to hyttenaboar frå Langlim. Så vi var fleire med same idé denne dagen. 8,2 km. 458 hm. 1 time og 26 opp, 1 time og 32 ned.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.