Kommunetopptur med badstu! (25.09.2016)  6


Duration 2h 12min
Distance 14.2km
Vertical meters 322m
Map
Ascents Kaktjernsberget (583m) 25.09.2016

Fin septemberdag, og Marit og eg lesste syklane på bilen og drog til Grue. Fin køyretur til Namnå, der vi følgde vegen til Monsrud, betalte 20 kr for å køyre vidare på fin grusveg til Rotna. Kryssa elva og parkerte i vegkrysset der begge vegane har låst bom. Vi sykla jamnt oppover, ikkje mange kvilestrekk her! Men grei trasé, ikkje for bratt, slik at ein på lett gir kom seg opp overalt. Etter Revtjernet gjekk vi opp på åsen, og ved hjelp av GPS fann vi toppunktet, så nedatt til Revtjernet, og der fann vi ein furulegg med tørr bakke framfor og åt nista i ettermiddagssol. Grei sykkeltur nedatt. 14,23 km, 322 hm, 2 timar og 11 minutt brutto, 1 time 34 minutt i rørsle. Men avslutninga på turen blei uvanleg, ringte til god kollega og fekk stadfest at han var på hytta ved Kirkenær, og då vi kom dit var badstua fyrt opp, og dermed blei det badstu, bad i Glomma, og varm te der, før vi sette nesa heimover. Herleg!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.