Perfekt skidag (30.03.2014)


Characteristic Backcountry skiing
Map
Ascents Ørneflag (1,243m) 30.03.2014

Køyrde frå Oslo om morgonen, tok av ved Gulsvik, Hallingporten kafe, og følgde bomvegen opp til Dammtjønnhallin. Køyrde så langt vi kom, og var da på knappe 1100 meter i hyttefeltet. Ikkje ei sky på himmelen, 4-5 varmegrader, skare med passe blaut overflate, og ikkje eit vindpust. Vi gjekk utan lue heile dagen, rasta i blikkstille under toppen, og møtte éin annan skiløpar på turen. Veret var perfekt, det same var føret, turkameratane greie og terrenget var berre heilt nydeleg. Vi gjekk inn nord for Saunatten og tilbake sør for Saunatten for å få litt variasjon. Hadde tenkt oss opp på Sørbølfjellet 1280 på veg tilbake, men det blei litt seint med tanke på middagen i Oslo. Ca 17 km. Vi brukte fem timar, men det var inkludert rast, drikkepausar, mange fotostopp og dessutan jamn og trutt sjekking av gps og kart. Det var heilt nødvendig, for det var ikkje løyper, og den eine toppen var ganske lik den andre. Ikkje veldig store markerte høgdeforskjellar i terrenget. Første kommunetoppen i år lovar godt! Vilde og Helge var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.