Lang tur Oslo - Inderøy (19.08.2012)
Ascents | Storknuken (502m) | 19.08.2012 |
---|
Etter nesten 70 mil på laurdag for å innkvartere jente på Sund folkehøgskole, fekk eg med meg Inderøyas (før Mosviks) høgaste mellom frukost og opningsseremoni på skolen. Køyrde i vakker natur innom Sakshaug gamle kyrkje, kryssa flott bru over til nordsida av fjorden og fann utan problem treskiltet som peikte til venstre mot Kilen. Open bom først og så to grinder. Følgde skogbilveg, og tok etter kvart til venstre der eg fann dårleg, men tydeleg stig merkt med plastband. mista stigen litt innimellom, men mellom dei to små vatna, langs nordbreidda av det største som ligg på myrene under toppen, fann eg den fint att. Toppen var flott, varde, bok og utsyn. Lummer og varm opptur, og så fekk eg regnet i hovudet straks etter eg tok fatt på nedturen. 45 minutt opp, 35 minutt ned. I regn bada eg nede på stranda i Meltingen, og skifta så for å bli representativ for seremonien på Sund. Hadde tenkt å rekkje fleire toppar denne dagen - men det rakk eg ikkje, etter nye 70 mil var eg heime ein halvtime over midnatt.
User comments